Kommunedirektøren

Kommunedirektøren

Kommunedirektøren er øvste leiar for dei tilsette. Ho har ansvar for at kommunen utfører dei oppgåvene og yt dei tenestene kommunen er pålagt gjennom lovar og føresegner.
For å gjere dette har kommunedirektøren med seg mellom 700 og 800 tilsette fordelt på omlag 430 årsverk. Dei aller fleste er fordelt på dei 22 einingane (skule, barnehage, helse og velferd, teknisk, kultur, o.s.b) som har kvar sin einingsleiar, samt sentralstaben som sit på kommunehuset.

Når kommunestyret eller andre politiske utval vil ha gjennomført eit vedtak, går oppgåva til kommunedirektøren. Ho er administrasjonen sitt formelle kontaktpunkt med politikarane og møter i dei politiske møta med tale- og forslagsrett. I alle saker som er handsama av dei tilsette i kommunen har kommunedirektøren det formelle ansvaret.

Kommunedirektør i Suldal er Karin Dokken Austvik. 

 

 

 

    

 

Adresse

Eidsvegen 7
4230 Sand

Kart

Kart