Slit du med digitalisering?

Slit du med digitalisering?

Kjenner du at dagleglivet har blitt vanskeleg på grunn av «digitalisering»? Gjer www, portal, appar og vipps deg heilt oppgitt? Kanskje kjenner du sinne for kor utviklinga går, og kva som blir forventa av deg? 

Digihjelp

Suldal kommune jobbar for å gi våre innbyggarar som står utanfor ein digital kvardag kunnskap til å ta kontroll. 
Me vil i lag med frivillige no tilby opplæring og rettleiing for dei som vil beherska det digitale daglegliv; alt frå offentleg informasjon, TV kanalar, bankar, busselskapet, parkeringsautomaten, legekontor og mange fleire. 
Me startar heilt grunnleggande. Så byggar me på, slik at du til slutt har nødvendig kontroll med den digitale kvardagen. 
Dersom du ikkje har eige utstyr, vil det vere tilbod om leige for ein periode.

Opplæring

Du får kurs og rettleiing i mindre grupper. Her vil du læra å bruka pc, nettbrett eller smarttelefon, generell bruk av internett, e-post og sosiale media. Du vil også få opplæring i å bruka dei vanlegaste nettstadene som det offentlege formidlar informasjon via, som altinn.no, skatteetaten.no og nav.no. Du vil også læra å nytta nettbank og andre betalingsmetodar digitalt.

Målgruppe

Vårt tilbod vil i første omgang gå til dei som står heilt utan digital kunnskap, men me ønskjer også å kartleggje dei som kjenner dei kan litt, men ikkje nok til å beherska det dei treng. 

Registrering

Dersom du registrerar deg vil du få tilsendt informasjon om tilboda me etablerar direkte i posten. 

Du kan ringa sentralbordet på telefon 52 79 22 00 eller senda inn skjema i papir (PDF, 294 kB) for å registrera deg. 

Du kan og melda interesse ved å senda inn elektronisk skjema

Suldal Sentralbord
E-post