Administrasjon

 Her finn du informasjon om administrasjonen og organisasjonskart. 

Kommunedirektøren

Kommunedirektøren er øvste leiar for dei tilsette. Ho har ansvar for at kommunen utfører dei oppgåvene og yt dei tenestene kommunen er pålagt gjennom ei lang rekkje lover og føresegner.
For å gjere dette har kommunedirektøren med seg mellom 700 og 800 tilsette fordelt på 450 årsverk (per 01.01.2016). Dei aller fleste er fordelt på dei 22 einingane (skule, barnehage, pleie og omsorg, teknisk, kultur, o.s.b) som har kvar sin einingsleiar, samt sentralstaben som sit på kommunehuset.

Når kommunestyret eller andre politiske utval vil ha gjennomført eit vedtak, går oppgåva til kommunedirektøren. Ho er administrasjonen sitt formelle kontaktpunkt med politikarane og møter i dei politiske møta med tale- og forslagsrett. I alle saker som er handsama av dei tilsette i kommunen har kommunedirektøren det formelle ansvaret.

Kommunedirektør i Suldal er Karin Dokken Austvik

Kommunedirektøren si leiargruppe består av :

Sentral stab

I staben er det rådgjevarar innafor oppvekst, pleie og omsorg, folkehelse, kriminalitetsforebygging og planarbeid, samt utbygging og eigedomsforvaltning, til saman mellom 5 og 6 årsverk.

Kommunekassen

Kommunekassen fører kommunen sin rekneskap og er dessutan kommunen si IT-avdeling. 

Kommunekasserar er Arnfinn Gundersen.

Organisasjon og innbyggarkontakt

Organisasjon og innbyggarkontakt driftar felles postmottak for kommunen, arkiv, sentralbord og kommunen si nettside. Organisjasjon og innbyggarkontakt yter merkantil støtte til alle einingane i kommunen. Organisjasjon og innbyggarkontakt inkluderer også politisk sekretariat, sekretariat for ordføraren, kommunestyret og dei politiske utvala. Drift av kommunehuset og sakshandsaming av sals- og skjenkeløyver finn ein også her.

Leiar for Organisjasjon og innbyggarkontakt er Turid Vaage.

Personalavdelinga er også organisert under Organisjasjon og innbyggarkontakt. Personal representerer kommunen som arbeidsgjevar. Blant arbeidsoppgåvene er tilsettingar, arbeidsmiljø og HMS samt samarbeid med tillitsvalte og verneombod.

Løns- og personalsjef er Tordis-Kristin Tobiassen.

Organisasjonskart (PDF, 107 kB)

 

 

 

    

 

Opningstid

alle dagar
08:30 - 15:00

Adresse

Eidsvegen 7
4230 Sand

Kart

Kart