Når og kor kan eg stemme?

Tidlegstemming

Dersom du ikkje har moglegheit til å stemma i den ordinære forhandsstemmeperioden eller på valdagen, kan du tidlegstemma i perioden 1. juli til 9. august. Ta kontakt med servicetorget på 52 79 22 00 for å avtala tid. Me  har ope måndag-fredag fra kl. 8.30-15.00. Du treng ikkje valkort, men hugs gyldig legitimasjon.

Tidleg forhandsstemmegiving er et tilbod for å sikra at alle veljarar som ønskjer, skal få avgitt si stemme. Ved tidlegsteming kan ein berre stemme på parti, og ikkje på person. Det betyr at det ikkje er mogleg å gi kumulering og slengjarar til einskildpersonar.

Forhandstemming

Frå 12. august til 6 september kl. 15:00 kan du forhandsstemme på Kulturhuset i Suldal.

Opningstider  i Kulturhuset si opningstid på kvardagar:

Opningstider forhandsstemming
Dag Ope
Måndag, tysdag og onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 -18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Laurdag 10., 17., 24.07 stengt
Laurdag 31.07 11:00 - 15:00

 

Hugs gyldig legitimasjon.

Ved forhandstemming kan du stemme på parti og også på person, ved å gi kumulering og slengjarstemmer.

Stemme på valdagen

Valdagen for kommunestyre og fylkestingsval er måndag 9. september 2019.

Vallokale

Du kan stemme ved alle stemmelokala i Suldal på valdagen.

Røystekrinsar Suldal 2019
Røystekrins Stad Opningstid
Erfjord Erfjord skule 10:00 - 19:00
Jelsa Jelsa bygdehus 12:00 - 19:00
Nesflaten Øvre Suldal samfunnshus 12:00 - 19:0
Ropeidhalvøya Kjølvikstølen grendehus 12:00 - 19:00
Sand Kulturhuset 10:00 - 20:00
Suldalsosen Suldal samfunnshus 10:00 - 20:00
Vanvik Vanvik oppvekstsenter 12:00 - 19:00
Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085
Anne Brit Mikkelsen
-
E-post
Telefon 52 79 22 08