Kven kan røyste

For å kunne stemme ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du ha røysterett.

Du har røysterett om:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil si Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vært registrert busett i Norge seinast 30. juni i valåret
  • Du er øvrig utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Eg har flytta i 2019, kor skal eg røyste?

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregistreret som busett per 30. juni i valåret. Har du flytta etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du har flytta frå.