Ulla Førre Næringsfond

Ulla-Førre næringsfond skal nyttast til tiltak som fremjer næringsliv og busetnad i Suldal kommune. Du kan få støtte og lån frå fondet.

Kva er Ulla-Førre næringsfond?

Ulla-Førre næringsfond vart oppretta i 1974, som ei kompensasjon til Suldal kommune for ulempene kraftutbygginga påførte kommunen. Fondet skal fortrinnsvis nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande verksemder, men kan og nyttast til kommunale tiltak.
Årleg vert det budsjettert med midlar til støtte og lån til næringsutvikling.
 

Kva er søknadsfristen?

Det er søknadsfristar 01.01, 01.05 og 01.09.  Desse vert kunngjort på kommunen sine heimesider.

Korleis søkjer eg?

Søknader må vera i tråd med vedtektene for fondet.
Søknader må innehalda forretningsplan med budsjett.

Det vil bli innhenta økonomiske opplysningar av søkjar/bedrift som del av sakshandsaminga.

Send søknaden til postmottak@suldal.kommune.no

Kven sit i fondsstyret?

Styret for fondet er personidentisk med formannskapet i Suldal.

Lovar, reglar og retningslinjer

Vedtekter Ulla Førre næringsfond (PDF, 150 kB)

Fondsstyret har vedteke at desse retningslinene gjeld i sakshandsaminga for lånesøknader:

  • Det skal leggjast endå meir vekt på å vurdera risiko i økonomivurderinga. 
  • Det skal òg leggjast meir vekt på vurdering av arbeidsplasspotensialet.
  • Det kan søkjast toppfinansiering med høgare risiko frå fondet – tilbake til tidlegare praksis med 3-delt finansiering – eigenkapital/ordinært lån/næringsfondslån.
  • Avdragsfritt 3-5 år, men rentefritt kun i eitt år. 
     

For informasjon om fondet og evt hjelp til å laga søknad kan ein kontakta:

Suldal Vekst AS tlf 52790600

Astrid Brommeland, bygdeutviklar 52790619 / 95748637
 

Torbjørn Guggedal
Kommunalsjef - Plan
E-post
Telefon 52 79 22 31
Mobil 404 06 312