Personvernombod

Turid Vaage er personvernombod i Suldal kommune. Ho er kontaktpunkt mellom kommunen og dei som er registrerte i våre system. Personvernombodet har ansvar for å passa på at kommunen handterer personopplysningar etter gjeldande reglar.

EU-regelverk bli norsk lov i 2018

Bakgrunnen for at kommunen nå har fått eige personvernombod, er at Noreg frå i år forpliktar seg til EU sitt regelverk for personvern. Det inneber blant anna at innbyggarar, som det er registrerte personopplysningar om, får nye rettar.

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna å bidra til at Suldal kommune:

  • Informerar om kva personopplysningar som blir samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som blir behandla.
  • Gir innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei opplysningane gjeld før opplysningane blir handsama.
  • verner informasjonen frå å kome på avveie. .
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar.
  • Slettar personopplysningar som ikkje trengs lenger.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkar verksemda sin kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleiar verksemda slik at personopplysningar blir handsama på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, for eksempel internkontroll og informasjonstryggleik. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avveie.

Gjennom at Suldal kommune har eit personvernombud er kommunen fritatt for meldeplikta som følgjer av personopplysningslovens § 31. Konsesjonsplikta gjeld.

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085