Vinnar konkurranse - digital postkasse

Sikkert og enkelt: Suldal kommune sender digital post til innbyggarar og næringsliv.

Suldal kommune ønskjer å auke andelen innbyggarar som nyttar digital postkasse. I januar 2019 låg me nest nedst i Rogaland på andel digitale postkassar, med 34,9 %. Suldal kommune har eit mål om å nå 50 % andel digitale postkassar, som er det talet kommunen med høgast andel digitale postkassar i fylket har. (Stavanger, i januar 2019.)

Difor arrangerte kommunen i 2019 digital postkasse-konkurranse.
Kvar måand vart det trekt månedsvinnarar som vant bilettar til badet, og 31. januar 2020 trakk me vinnar av hovudpremien, eit årskort  til Suldal Bad - Og vinnar vart Rune Sandven Breistein! Me gratulerer!

Etter konkurransen har me ein andel med digital postkasse på 40,3 %. Me har klatra fleire plassar, og ligg nå 6. sist på lista av kommunar i Rogaland. Men me har framleis eit stykke til målet på 50 %, og anbefalar alle å opprette digital postkasse.

Kvifor opprette digital postkasse?

Digital postkasse er gratis å bruka og gir deg:

  • Raskare svar fra oss
  • Varsel i app eller epost når du får svar
  • Oversikt over alle viktige brev, og tilgang til desse uansett kor du er
  • Sikker oppbevaring
  • Sparar miljøet og reduserer offentlege utgifter
  • Reklamefri postkasse

Brev til privatpersonar blir sendt til digital postboks (DigiPost eller eBoks) eller Altinn (for dei som ikkje har oppretta digital postkasse).

Brev til bedrifter og andre offentlege instansar blir sendt via Altinn.

Offentlege verksemder og andre verksemder som bank, forsikringsselskaper - og også butikkar, tar nå i bruk digital post i aukende grad.

Me oppfordrer alle om å skaffe seg og ta i bruk digital postkasse.

Opprett digital postkasse

Du må sjølv oppretta din eigen digitale postkasse hos e-Boks eller Digipost, dersom du ønskjer digital postkasse.

Digipost og e-Boks er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til tryggleik. Den største forskjellen mellom dei to postkassane er kva private verksemder du kan motta digital post frå. Begge postkassene finst som app, som gir enkel tilgang til postkassen din.

Les meir om digital postboks

For å oppretta og logga deg på digital postkasse, må du ha ein elektronisk ID (for eksempel BankID, MinID)

Opprett digital postkasse


Slik fungerar det når du mottar digital post

Når du mottar post, vil du få varsel i app, på SMS eller e-post. Slik slepp du å sjekke postkassen for ny post kvar dag.

Om du har digital postboks, blir post liggande der til den blir opna og lest. Privatpersonar har det same ansvaret for å hente/opne posten sin her, som for post som går til ei fysisk postkasse.

Brev som går til Altinn (dvs at du ikkje har oppretta digital postboks), og som ikke blir opna innan to dagar (40 timar), blir sendt ut som brev i posten. Du får altså informasjonen uansett.

Vil du framleis motta post på papir?

Dersom du ønskjer å reservera deg mot å motta post digitalt, kan du gjere det ved å ringe gratis til telefon 800 30 300 eller reservera deg på www.norge.no.  

Dersom du ikkje har oppretta digital postboks, og ikkje har reservert deg, vil du motta posten via Altinn. Som det framgår ovanfor, vil brev bli sendt på papir dersom den ikkje er opna i Altinn innan to dager.  

Reserver meg mot digital post   


Endre kontaktinformasjon

Du får varsel på SMS eller e-post når du mottar brev i den digitale postkassen din. Du kan endra kontaktinformasjon (SMS og e-post) i den digitale postkassen eller på www.norge.no

Endre kontaktinformasjonen


Her kan du sjå ein video om digital post:

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085
Arnfinn Gundersen
kommunekasserar
E-post
Telefon 52 79 22 41
Mobil 924 10 318