Filmkonkurranse - Det gode liv i Suldal

 Me ønskjer å få folk til å kjenna på godfølelsen når dei tenkjer på Suldal, difor jaktar me på di historie, den som kan gi eit lite blikk inn i korleis livet kan vera her - det gode livet i Suldal.

Å klatra på høgaste nuten, bada i bekken, lyden av sauabjellene på tunet mens ein strekk ut etter ein lang dag i hengekøya, eller kanskje alle dei levande smila ein treff på i gata? Dei arbeidsame menneska, at folk tør å satsa, og å tenka nytt.

Ta fram mobil eller filmkamera, og lag ein filmhistorie. Førstepremien er på 10.000 kr, i tillegg kr. 1.000 for andre filmar som kommunen vel å kjøpa.

Kriterie:

  • Format må vera 1:1, 4:5 eller 9:16
  • Filmen må kunna fungera utan at lyden er slått på, difor må all tale tekstast.
  • Alle som medverkar i filmen må ha gitt fullmakt til at filmen kan bli vist i Suldal kommune sine kanalar (presentasjonar i møte, sosiale medium, youtube, nettside osv..)
  • Lengd på filmen må vera max 90 sekundar

Frist for innlevering: 30. august

Spørsmål? Kontakt Elisabeth Bjørkhaug elisbeth.bjorkhaug@suldal.kommune.no

Elisabeth Bjørkhaug
Rådgjevar - barnehage
E-post
Telefon 52 79 23 81
Mobil 984 94 300