Beredskap

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnssikkerhet. Kommunane skal utvikla trygge og robuste lokalsamfunn og har eit grunnleggjande ansvar for å beskytta befolkninga og bidra til å oppretthalda kritiske samfunnsfunksjonar.

Kommunen sin oppgåve er å:

  • Ha ein oversikt over kva farar som kan trua liv og helse, miljø, og kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar i kommunen, og arbeida for å redusera risikoen gjennom risikoreduserande tiltak
  • Ha ein oversikt over kva lokale offentlege, frivillige og private ressursar som er tilgjengelege, og utarbeida koordinerte beredskapsplanar for å handtere ulykker og kriser

Beredskapsplanar

For å kunne handtere desse oppgåvene effektivt har Suldal kommune utarbeida beredskapsplanar. Dette er både overordna plan og detaljplanar. Beredskapsplanane er bygd på informasjon som er avdekka gjennom kommunen sin heilheitlege risiko- og sårbarhetsanalyse.

Kriseleiing

Når større ulykker eller kriser oppstår i Suldal kommune er det rådmannen som er leiar av den kommunale kriseleiinga. Rådmannen vil då vurdera å omprioritera dei kommunale ressursane, og å setja i verk dei tiltaka som er nødvendige for handtere situasjonen. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid med naudetatane, der politiet har ansvaret for å koordinera arbeidet med å ivareta liv og helse, og kommunen tilsvarande for miljø, kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar.

Ved behov for evakuering kan politiet pålegga kommunen å oppretta eit evakuerings- og pårørandesenter (EPS).

  • Kriseleiinga består av:
  • Rådmann (leiar/operativ leder)
  • Ordførar (ansvarleg for mediehandtering)
  • Leiar av Servicetorget
  • Kommunalsjef 1
  • Kommunalsjef 2
  • Kommunalsjef 3
  • Beredskapskontakt

Psykososialt kriseteam

Ved mindre omfattande hendingar kan kommunen sitt kriseteam aktiverast.

Vakttelefonar

Brann: 40 40 63 20
Vatn og avløp: 47 45 89 28 
Suldal Elverk (straum): 41 55 38 99