Prisar og betaling barnehage

Prisar og betaling barnehage

Betalingssatsar for barnehage
Foreldrebetaling barnehage Pris barnehage Betaling for kost (matpengar) Sum
5 dagar kr 1500 kr 512 kr 2012
4 dagar kr 1330 kr 410 kr 1740
3 dagar kr 1030 kr 307 kr 1337
Tilfeldig opphald kr 371 pr. dag kr 388 pr. dag
  • Det blir ikkje gitt tilbod om 1 eller 2 dagar.
  • Månadsbetaling for frukt, mat og drikke m.m i barnehagane i Suldal kommune er sats gange tal på opphaldsdagar pr. veke.
  • For fullt år skal det betalast for 11. månader. 6-åringar som går i barnehagen fram mot skulestart betalar halv pris for august.
  • Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon reduksjon i prisen for 2. barnet og 100 % søskenmoderasjon frå 3. barn familien har i barnehagen eller SFO. Det yngste barnet betalar full sats.
  • Det er betaling ved tilfeldig opphald som t.d. ved gravferd m.m. på kr 350,- per dag. Ein føresetnad er at det er plass i barnehagen.
  • Foreldrebetalinga skal reknast etter bruttoinntekt for familie/sambuarar. For barnehageåret 2022/2023 vert bruttoinntekt for 2021 lagt til grunn. For barnehageåret 2023/2024 vert bruttoinntekta for 2022 lagt til grunn
  • Viss maksprisen er høgare enn seks prosent av hushaldninga si samla inntekt, så kan du søke om redusert pris.
  • Familiar med bruttoinntekt under 3G (G = folketrygdens grunnbeløp) har rett på gratis barnehageplass (men må betale matpengar på lik linje med andre).
  • Alle 2 til 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. I dag gjeld det alle familiar med en samla inntekt under NOK 598 825.
  • Ved store endringar i inntekta, som utgjer meir enn 1/3 av inntekta, må ein melde frå til kommunen. Foreldrebetalinga kan då bli endra.
  • Ved brå endring i familietilhøve som har innverknad på familieinntekta, vil endra foreldrebetaling bli vurdert  (t.d. sjukdom, skilsmisse, utdanning)
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
  • Ved sjukefråvær på 1 månad eller meir, kan det etter søknad gjevast betalingsfritak for den tida barnet har vore borte. Det må dokumenterast at barnet er sjukt, eller at sjukdom til familiemedlem gjer det vanskeleg/uråd å ha barnet i barne­hagen.
  • Rådmannen kan ved manglande betaling sei opp tildelt plass i barnehage jfr barnehage-vedtekter pkt 15