Følg utviklinga i prosjektet

​Etter ein lengre politisk prosess vart det i 2021 bestemt at det skulle byggjast ny sjukeheim på Sand. Dei gamle lokala ved sjukeheimen var uhensiktsmessige for ei framtidig drift. Ved starten av 2023 flytta bebuarar ut av den gamle sjukeheimen, og prosessen mot ny sjukeheim starta. 

Følg utviklinga fram til ferdig ny sjukeheim her. 

Gamle Suldal sjukeheim er tømt

Sjukeheimen er tømt for inventar og utstyr - Klikk for stort bileteSuldal sjukeheim Elin M. Bakka

Gamle Suldal sjukeheim er tømt for møblar, inventar og utstyr. Mykje er gått til gjenbruk, og kan vera til glede for andre. 

25.01.2023

Prosjekteringsmøta startar

25.01.2023

Brannvesenet nyttar det tomme bygget til brannøving. 

30.01.2023

Det blir sett opp byggegjerde rundt den eksisterande sjukeheimen. 

13.02.2023

Dører og vindauge skal ut og nyttast andre stader

14.02.2023

Mallahytta får ny eigar

Raud hytte bak sjukeheimen - Klikk for stort bileteMallahytta Arild Vaage

Du har kanskje sett Mallahytta, den litle raude hytta bak sjukeheimen? I denne perioden blir hytta demontert og gitt bort til ny eigar. 

15.02.2023

Heile området blir gjerda inn (inkludert parkeringsplassar)

Riggplan Omega Areal

Parkering

I byggeperioden forsvinn ein del parkeringsplassar rundt inngangen til legekontor og helsestasjon. Det er lagt til rette for ny parkeringsplass nedanfor Bjødnateigen. Du kan også parkera ved inngangen til legevakt (ved sidan av helikopteroppstillingsplass), eller rundt kommunehuset. 

01.03.2023

Skoging bak sjukeheimen er ferdig

28.03.2023

Rivearbeidet startar

Frå no blir det støy og støv i området rundt 

11.04.2023

Grunnarbeidet startar

30.04.2023

Byggeprosjektet er planlagt ferdig sommaren 2025

Det er likevel utfordrande å gi ein eksakt dato for når store byggeprosjekt skal vera ferdig, og det kan difor vera at denne datoen blir endra. 

15.06.2025
Arild Vaage
Prosjekt/byggeleiar
E-post
Telefon 99 40 02 12
Mobil 99 40 02 12
Elin Mikkelsen Bakka
Rådgjevar helse og omsorg /Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 47 65 26 09