Utleigereglement og prisar kommunale bygg (ikkje bustader)

Utleigereglar

  1. Rom i kommunale bygg skal i hovudregelen vera tilgjengelege for alle lovlege føremål som blir skipa til av lag og organisasjonar som høyrer til i kommunen.

For kulturhuset gjeld det og lag og organisasjonar som høyrer til i regionen indre Ryfylke.

  1. Dei som til dagleg disponerer lokala har fullmakt til å gjera avtale om utleige. Utleigaren har og fullmakt til å ta avgjerd om aktivitetar som ikkje skal tillatast.
  2. Leigar har plikt til å setja seg inn i og retta seg etter gjeldande ordensreglar.

For kulturhuset gjeld det og brann –og innbrotsalarm.

  1. I Suldalshallen og på skulane skal all trening vera avslutta kl. 22.00. All bruk utover denne tida må avtalast med utleigar. Trening må vika for anna arrangement.
  2. Det er forbode å nyta alkohol innafor skuleområda.

I andre bygg enn skulebygga kan den som av rådmannen er gitt driftsansvar for huset i særskilte høve gje løyve til lukka arrangement.

Søknad om ambulerande skjenkeløyve må sendast rådmannen.

Kulturhuset:

Her er det tillete å skjenka øl og vin i storsalen og foajeen inkl. ”allrom” i hovudetasjen under føresetnad av at amfiet ikkje er i bruk. I tillegg føresetnad om:

  • Ambulerande skjenkeløyve. Avgjerdsrett er delegert rådmannen.
  • At arrangementet er basert på eit vakse publikum.

At kravet til matservering er oppfylt.

Utleigeprisar

 A. Fellesreglar:

1.  Lag og organisasjonar som høyrer til i kommunen, og for kulturhuset lag og organisasjonar som høyrer til i regionen indre Ryfylke, kan få leiga rom gratis til ikkje inntektsgivande arrangement.

I Suldalshallen må lag og organisasjonar som brukar hallen ta del i vaktordninga på kveldstid. Den blir fordelt etter kor mykje tid kvar enkelt lag brukar hallen.

2.  Dersom utleige fører med seg store ekstra kostnader til reingjering, straumforsyning m.m. kan utleigar krevja betaling i samsvar med reelle utgifter. (gjeld og lag/ organisasjonar i pkt. 1).

3.  For overnattingsopphald i helger og skuleferiar er leiga 60,- kr. pr. døgn  pr. deltakar.

4.  Det er høve for utleigarane til å laga meir detaljerte reglar innafor den ramma kommunestyret her har fastsett; t.d. leige  tilpassa deler av dag.

B. Fellesreglar unnateke  pkt. C-F.

Leige gebyr for firma, utanbygds –og private lag og organisasjonar:
Leige gebyr for firma, utanbygds –og private lag og organisasjonar:
Rom Pris per dag pr 01.01.20
Mindre rom kr 510
Gymsalar/større salar kr 920
Salsutstilling i mindre lokaler kr 100

For salsutstillingar i mindre lokale må ein og betale 10% av omsetninga - det må leggjast fram rekneskap.

C. Kulturhuset:

1.  Lag og organisasjonar som høyrer til i regionen indre Ryfylke betalar inntil 30 % av billettinntektene med eit tak på kr. 9 000,- pr. dag ved inntektsgivande arrangement – elles gratis.  Det må leggjast fram rekneskap.

2.  Lag og organisasjonar utanfor indre Ryfylke, artistar, kulturinstitusjonar og bedrifter m.m. betalar mellom kr. 900,- og kr. 9 000,- pr. dag (avhengig av areal) ved ikkje inntektsgivande arrangement, elles 20% av omsetning (minsteleige kr 9 000). Det må leggjast fram rekneskap.

     Rådmannen har fullmakt til å fråvika desse satsane.

  • Tillegg for teknisk assistanse kr. 300,- / 400 (kveld og helg) + mva. pr. time pr. person; dvs. hjelp til lys, lyd og anna teknisk hjelpemiddel, ekstravakter og billettsal på arrangementsdagen for lag og organisasjonar som høyrer til i regionen indre Ryfylke – elles kr. 500,- / 600 (kveld og helg) pr. time
  • Ved innleige av eksternt teknisk personell, blir utgift direkte vidarefakturert på leigetakar.
  • Billettavgift kr 15/25 (lag utanfor Ryfylke, artistar mm)

D-F. Leige av hall

Leige av hall
Leige av Suldalshallen og/eller Sandhallen Gebyr for ein hall (per time) Gebyr for ein hall (per dag) Gebyr begge hallane
Heile hallen til kongressar, leirar o.l. - Næringsliv, private og utabygds lag og organisasjonar kr 4 090 kr 7 650
Heile hallen til kongressar, leirar o.l. - Innabygds lag og organisasjonar kr 1 940 kr 3 770
Heile hallen til salsmesser o.l. - Næringsliv, privar og utabygds lag og organisasjonar kr 520 kr 8 360 kr 15 200
Heile hallen til salsmesser o.l. - Innanbygds lag og organisasjonar kr 4 080 kr 7 650

Noregs Volleyballforbund si leige av Sentralidrettsanlegget er regulert i eigen avtale

G. Sentralidrettsanlegget, uteanlegget m/tilgong til utegarderobar i Suldalshallen

Sentralidrettsanlegget, uteanlegget m/tilgong til utegaderobe i Suldalshallen
Anlegg Pris per 01.01.20
Heile anlegget inntil 6 timar per - per time kr 530
Heile annlegget over 6 timer - per dag kr 4 100

H. Gullinghuset

Gullinguset
Gullinghuset Pris per 01.01.20
Næringsliv, private og utabygds lag og organisasjonar pr dag kr 1 500