Prisar og betaling SFO

Stortinget har vedteke gratis kjernetid (12 timar pr veke) i SFO for alle 1.klassingar.

Skulefritidsordning
Ordning Betalingssatsar frå 01.01.22 Betalingssatsar 1.klassingar
SFO 1 kortdag kr 1 300 Gratis
SFO 2 Langdag kr 2 480 kr 1 180
SFO 4 Full ferie kr 520 kr 360
SFO 5 Feriepakka (3 veker) kr 380 kr 270
Ekstra dag SFO (når det er skule) kr 160

 

  • SFO 1 Kortdag = del av dag før og etter skulen, lokale tilpassingar
  • SFO 2 Langdag = frå kl. 07:30 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 16:30
  • Der det er tre barn eller mindre som har behov (SFO), skal tilbodet samordnast med barnehagen. Ferielukking av nokre barnehagar kan vera aktuelt dersom ein sikrar at barna likevel har eit tilbod.
  • Månadsbetalinga skal reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke og skal ikkje overgå meir enn 6% av inntekta til familiar med barn som går i SFO.
  • For fullt skuleår (følgjer skulerute) skal det betalast for 10 månader (halv betaling i juni og august og inga betaling i juli). SFO er stengt i veke 27, 28, 29 og 30.
  • Barn i 5.–7. klasse med særskilte behov har rett på gratis SFO dersom lege eller anna faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO.
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
  • Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon i prisen for 2. barnet og 100 % søskenmoderasjon frå 3. barnet familien har i barnehagen eller SFO. Det yngste barnet betalar full sats.
  • Ved kjøp av ekstra dag så skal det betalast kr 160,- for skuledag (SFO før og etter skuledagen). Det er ikkje søskenmoderasjon på kjøp av ekstra dag.
  • Kommunedirektøren kan ved manglande betaling sei opp tildelt plass i SFO jfr vedtekter § 6