Prisar og betaling barnehage

Betalingssatsar for barnehage
Betalingssats frå 01.01.21 Maksimalpris barnehage Betaling for kost (matpengar) Sum
5 dagar kr 3 230 kr 462 kr 3 692
4 dagar kr 2 870 kr 360 kr 3 230
3 dagar kr 2 210 kr 270 kr 2 480
  • Det blir ikkje gitt tilbod om 1 eller 2 dagar.
  • Månadsbetaling for frukt, mat og drikke m.m i barnehagane i Suldal kommune er sats gange tal på opphaldsdagar pr. veke.
  • For fullt år skal det betalast for 11. månader. 6-åringar som går i barnehagen fram mot skulestart betalar halv pris for august.
  • Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon reduksjon i prisen for 2. barnet og 100 % søskenmoderasjon frå 3. barn familien har i barnehagen eller SFO. Det yngste barnet betalar full sats.
  • Det er betaling ved tilfeldig opphald som t.d. ved gravferd m.m. på kr 350,- per dag. Ein føresetnad er at det er plass i barnehagen.
  • Foreldrebetalinga skal reknast etter bruttoinntekt for familie/sambuarar. For barnehageåret 2020/2021 vert bruttoinntekt for 2019 lagt til grunn. For barnehageåret 2021/2022 vert bruttoinntekta for 2020 lagt til grunn
  • Viss maksprisen er høgare enn seks prosent av hushaldninga si samla inntekt, så kan du søke om redusert pris.
  • Familiar med bruttoinntekt under 3G (G = folketrygdens grunnbeløp) har rett på gratis barnehageplass (men må betale matpengar på lik linje med andre).
  • Alle 2 til 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett på 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per veke. I dag gjelde det alle familiar med en samla inntekt under NOK 566 100.
  • Ved store endringar i inntekta, som utgjer meir enn 1/3 av inntekta, må ein melde frå til kommunen. Foreldrebetalinga kan då bli endra.
  • Ved brå endring i familietilhøve som har innverknad på familieinntekta, vil endra foreldrebetaling bli vurdert  (t.d. sjukdom, skilsmisse, utdanning)
  • Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.
  • Ved sjukefråvær på 1 månad eller meir, kan det etter søknad gjevast betalingsfritak for den tida barnet har vore borte. Det må dokumenterast at barnet er sjukt, eller at sjukdom til familiemedlem gjer det vanskeleg/uråd å ha barnet i barne­hagen.
  • Rådmannen kan ved manglande betaling sei opp tildelt plass i barnehage jfr barnehage-vedtekter pkt 15