Betaling for opphald i sjukeheimen

  • For langtidsopphald i sjukeheim i Suldal er betalinga 75 % av  grunnbeløpet med frådrag av fribeløp  fastsett  av Kongen.  Av inntekter utover grunnbeløpet vert det trekt inntil 85 %, då med reduksjon av kr. 1.000,- til dekking av ”renter for lommepengekonto” som ikkje skal vere med i grunnlaget. Berekninga vert avrekna med grunnlag i endeleg likningsoppgjer året etter opphaldet.
  • For m.a. yrkesskadetrygd, krigspensjon og når pensjonærane har heimebuande ektefelle, gjeld særskilte reglar. Ved den årlege avrekninga vert det teke omsyn til ev. ekstrainntekter, skatt og gjeldsrenter.
  • Utbetaling ved permisjon ved opphald på sjukehus: kr 0,-.
  • For korttidsopphald i sjukeheimen: Full sats for 2019 er 170,- for døgnopphald i institusjon inntil 60 dagar og kr 90,- for dag- eller nattopphold. Ved korttidsopphald over 60 dagar blir det betalt som ved langtidsopphald. Utbetaling ved permisjon i heimen for permisjon på 4 døger eller mer er per no kr 170,- per døgn, jf. «Rundskriv I-1/2019 om endring av fribeløp og egenandeler for kommunale helse og omsorgs-tjenester» i «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester».