Vaksenopplæringa

Suldal kommune kan tilby vaksne innvandrerar norskopplæring som set dei i stand til å bruka eller bygga vidare på sin eigne kompetanse i utdanning, i arbeid og i samfunnslivet for øvrig.
Vaksenopplæringa er organisert under Introsenteret i Suldal.

Vaksenopplæringa kan tilby

  • Undervisning i grunnskulefag etter opplæringslova §4A-1 for vaksne som ikkje har fått grunnskuleutdanning, og som treng det for å få vaksenrett på vidaregåande skule
  • Undervisning etter opplæringslova §4A-2 til vaksne med særlege behov etter sakkunnig vurdering
  • Undervising i norsk med samfunnskunnskap for innvandrarar og flyktningar

Grunnskuleundervisning etter §4A-1

Søknadsskjema til grunnskuleundervisning etter opplæringslova §4A-1 finn du her. Grunnskuleundervisning er gratis. Opptak til grunnskuleundervisning skjer gjennom heile året, og vert sett i gang ved behov.

Grunnskuleundervisning etter §4A-2

Vaksenopplæringa har også tilbod til personar som treng tilrettelagt undervisning etter §4A-2. Dei som har behov for dette, kan ta kontakt med Suldal Vaksenopplæring for nærare opplysningar, telefon 52 79 22 00/400 21 347.

Grunnleggjande norskundervisning for språklege minoritetar

Undervisning i norsk og samfunnsfag for innvandrarar går hovudsakeleg føre seg på dagtid. Også arbeidsinnvandrarar kan delta på norskkurs på dagtid saman med flyktningane dersom det er ledig plass.

Arbeidsinnvandrarar må betala for norskkursa dersom dei ikkje kjem frå land der innvandrarane har både rett og plikt til norskopplæring eller er gift med norsk statsborgar.
 
Opptak til kurs skjer i samarbeid med introduksjonstenesta fleire gongar i året.
 

Søknadsskjema grunnskule

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ingeborg Sæbø Oluka
Einingsleiar