SFO

Oppdraget til skulefritidsordninga (SFO) er å skapa ein god oppvekstarena for barn og bidra til å gi dei ein lukkeleg barndom. 

Normaltid for SFO er kl. 07.30 - 16.30

 

Pris for opphaldstid:

1 - 10 timar i veka kr 980 pr. mnd

11 - 14 timar i veka kr 1 650 pr. mnd

>15 timar i veka kr 2 340 pr. mnd

 

Månadsbetalinga skal reknast etter opphaldstid i vanleg skuleveke. Ved førehandstinga opphald i skuleferiar i tillegg til vanleg skuleveke skal opphaldstimane fordelast ut på heile skuleåret. For fullt skuleår skal det betalast for 11 månader (stengt i juli) For barn i 5. - 7. klasse med særskilte behov skal det betalast halv pris dersom lege eller anna faginstans har gitt skriftleg tilråding om at barnet bør gå i SFO.

Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad. Elevar i SFO vert sett i samanheng med barnehage når det gjeld høve til å få søskenmoderasjon. Barnet i SFO er det som oppnår rabatten. Det er ikkje søskenmoderasjon på tilfeldig opphaldstid. Reglane for moderasjon i barnehagane vert lagt til grunn.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Eva Songe Paulsen
Rådgjevar og saksbehandlar PPT
52792271

Sjå også