PP-tenesta

PPT eller Pedagogisk-psykologisk teneste for Suldal er eit kommunalt tenestetilbod med heimel i Opplæringslova § 5. Me har ansvar for barn og unge 0-16 år og vaksne med særskilte behov.

Tenesta er gratis og me har teieplikt
 

PPT sin visjon er: Me har fokus på sterke sider, læring og utvikling.

Kva gjer vi?
PPT er ein stad der barnehage, skule og foreldre/føresette kan ta kontakt og søke råd i høve til barn og unge sin opplæring, utvikling og tilpassing. Barn/ungdom kan ta kontakt med oss anten via heimen, skulen eller direkte utan mellomledd.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging av lærevanskar og atferdsvanskar og utvikling av eit godt læringsmiljø.

PPT samarbeider med foreldre, barnehage og skule om å leggja forholda best mogeleg til rette for god utvikling og eit forsvarleg opplæringstilbod i høve til føresetnader og behov hos barna.

PPT har kompetanse på barn og unge si utvikling og vanskar dei kan ha på ulike felt, og om systemretta arbeid.

Slik arbeider vi
-
Samtalar med barn, unge og foreldre/føresette
- Rettleiing til foreldre/føresette
- Rettleiing til barnehagar/skule
- Utredning gjennom prøvar, testar og observasjonar
- Sakkunnig arbeid for å finne ut om elevar treng spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervsining i skulen.

PPT samarbeider (etter samtykke) med andre etatar og formidlar kontakt med spesialistar når vi ikkje kan hjelpe sjølve.

Barn/ungdom, foreldre/føresette, skule/barnehage og andre kan tilvise til PPT. Det er eige skjema (PDF, 134 kB)for tilvising. Foreldre/føresette må alltid samtykke. Ungdom over 15 år bestemmer sjølv.

Du kan ta kontakt på e-post: ppt@suldal.kommune.no, på e-post direkte til saksbehandlar eller på telefon.

Desse arbeider i PP-tenesta:

PPT
Namn Telefon Mobil Rolle
Jorunn Hoås 52792244 91574334 Einingsleiar
Aslaug Fardal 52792262 PP-rådgjevar
Vilde Skau Digranes 52792255 PP-rådgjevar
Eldbjørg Frantzen Hebnes 52792261 PP-rådgjevar/Leksolog
Eva Songe Paulsen 52792271 40418977 PP-rådgjevar

 

PPT sin verksemdsplan finn du her (PDF, 167 kB)

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00

Sjå også