Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

1. Barnehagane i Suldal kommune skal drivast i samsvar med Lov av 17 juni 2005 nr 64 om barnehagar, samt forskriftene og merknadar i lova.

2. Det pedagogiske arbeidet i barnehagane skal vera i samsvar med forskrift om rammeplan for barnehagar, F.4205 N, revidert utgåve 2011.

3. Tiltak som vert regulerte etter barnehagelova, vert lagde til levekårsutvalet etter delegasjonsreglement C2 pkt.1.

4. Ved søknad om plass i barnehage, nyttar ein fastsett søknadsskjema. Søknadsfrist til hovudopptak er 1.mars og 1. september.

5. Opptaksmynde ligg hjå einingsleiar/styrar.

6. Av pedagogiske og sosiale omsyn, må ein ved opptak sjå til at gruppene skal ha ei rimeleg samansetjing når det gjeld alder, kjønn og barn med/utan særlege vanskar. Funksjonshemma barn som kan ha nytte av barnehageopphald, skal prioriterast ved opptak. Ein skal ta særlege omsyn til barn som er tilrådd barnehageopphald av barne- og ungdomstenesta eller helsetenesta.

7. Søknad som kjem innan fristen 1. mars og 1. september vert innvilga slik at ein får plass i eigen skulekrins. Dei som søkjer etter søknadsfristen, vil få tilbod om plass i næraste barnehage med ledig kapasitet, dersom det er fullt i den skulekrinsen det vert søkt plass i.

8. Dersom fleire har søkt etter søknadsfristen, og det ikkje er plass til alle i næraste barnehage, skal ein i uprioritert rekkefølgje ta omsyn til:

- Barn som har einsleg forsytar

- Barn frå heimar med særlege vanskar, t.d. sjukdom i heimen, vanskelege bustadtilhøve eller andre problem.

- Barn frå heimar som ligg slik til at det er særleg stor trafikkfare, lite høve til leik med andre barn, eller andre tilhøve i miljøet som gjer at eit barn har særleg trong for opphald i barnehage.

- Barn som tilhøyrer opptakskrinsen har fortrinnsrett. Opptakskrinsane for barnehagane er dei same som for skulane.

- Dersom fleire søkjarar står likt, tek ein opp dei eldste først.

9. Tildelt plass gjeld fram til han vert oppsagd, eller ved overgang til skule.

10. Frist for oppseiing: Oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad. (Døme: Sluttar 1. september. Frist for oppseiing: 31.juli)

11. Barnehageåret vert rekna frå skulestart til skulestart.

12. Barnehagane har 5 planleggingsdagar i året. Då er barnehagane stengde.

13. Det er 11 betalingsmånader i året. Juli månad er betalingsfri.

14. Einskilddagar: Dersom det er ledig kapasitet kan du få kjøpa einskilddagar i barnehagen. Barnet må ha plass i barnehagen. Søknad kan skje munnleg til styrar. Prisen på einskilddagar vert fastsett av kommunestyret.

15. Barna skal ha 4 veker ferie kvart år. Av desse må minst 3 veker vera samanhengande. Ved ferieavvikling i veker der det er færre enn 5 plasser kan barnehagen vurdera å halda stengt. Dette skal foreldra bli informert om seinast 1. mai.

16. Opphaldstid Suldal kommune gir tilbod om heile plassar (5 d/v) og delte plassar (3 og 4 d/v) Mynde til å gi dispensasjon frå det ordinære opphaldstilbodet er delegert rådmannen. foreldra kan etter søknad, få tilbod i barnehagen 15 minutt før (06.45) eller 15 minutt etter (16.45). Det ligg til grunn at det likevel er 9,5 timar som er tilbodet også denne dagen. I barnehagar med færre enn ti snittplassar kan styrar i etter drøfting med samarbeidsutvalet koma fram til redusert normalopningstid (sjå punkt 18). Kommunen sine betalingssatsar gjeld for heile dagar (9,5 timar).

17. Endring av opphaldstid Det kan søkjast om endring av opphaldstida 2 gonger pr år. Frist for søknad om endring av opphaldstid er: For endring ved nytt barnehageår: Frist 1.mars For endring f.o.m. 1.januar: Frist 1.september Føresetnad for å innvilga søknaden er at det er kapasitet i barnehagen på ønska dagar.

18. Opningstid Opningstida i barnehagane kan vera: 7.00 – 16.30. Opningstida kan variera frå barnehage til barnehage. Ved behov grunna turnusarbeid kan det søkja om utvida opningstid. Barnehagane stenger kl 12.00 julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.

19. Leike- og opphaldsareal inne Barn i alderen 3-6 år skal ha minst 4m2 kvar Barn i alderen 0-3 år skal ha minst 5,4m2 kvar.

20. Nynorsk målform skal, så langt det er naturleg, nyttast i songar og litteratur i barnehagane.

21. Suldal kommune har internkontrollsystem med eiga internkontrollhandbok for barnehagen

22. Kommunestyret sine vedtak om betalingssatsar for opphald i barnehage vert lagde til grunn for innkrevjing av foreldrebetaling. Kommunekassen står for innkrevjinga. Matpengar kjem i tillegg til barnehagesatsane.

23. Desse vedtektene kan endrast av levekårsutvalet og/eller kommunestyret.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
-
52 79 23 81