Spesialpedagogisk hjelp i barnehage

Foresatte kan søke om spesialpedagogisk hjelp dersom barnet av ulike årsaker treng hjelp, støtte og tilrettelegging. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Dersom barnet går i barnehage bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen. 

Les meir om retten til spesialpedagogisk hjelp her. 

Dersom barnet har rett på spesialpedagogisk hjelp kan hjelpa bli gitt av eit ambulerande spesialpedagogisk team i barnehagane.

Slik søkjer du: 

  • - Ta kontakt med helsestasjonen eller i din barnehage. Dersom barnet går i barnehage bør søknaden fyllast ut i samband med barnehagen. Søknaden blir sendt til PPT for sakkunnig vurdering. 
     
  • - Pedagogisk rapport frå barnehagen blir lagt ved søknaden. Eventuell annan dokumentasjon.
     
  • - PPT vurderer om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje. Dersom barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp inneheld vurderinga ein anbefaling av tiltak og omfang av hjelpa.

  • - Kommunen legg vurderinga frå PPT til grunn som eit utgangspunkt for vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Tiltaka blir anten gitt av eit ambulerande team med spesialpedagogar, eller av tilsette i barnehage med rettleiing av spesialpedagog eller pedagog.

 
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
Elisabeth Bjørkhaug
Rådgjevar
52792381