Reduksjon i pris for barnehageplass

Eit hushald med ei årsinntekt på 486 750 kroner pr. år eller meir skal betala makspris på 2 730 kroner for ein heil plass. Det vil sei 5 dagars tilbod.

Eit hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 486 750 kroner pr. år skal betala maks seks prosent av skattepliktig person- og kapitalinntekter. 

Ønskjer du å vita kva di betaling er, kan du sjå prisliste for barnehageplass her

Gratis kjernetid

Det er og ei nasjonal ordning for gratis kjernetid (20 timer per veke) for eit hushald med inntekt under 428 000 kroner per år.

  • Gjeld for 3, 4 og 5 åringar og barn med utsatt skulestart
  • Hovudregel er at søknaden gjeld for eit barnehageår av gangen både når det gjeld reduksjon og gratis kjernetid 

 

Søskenmoderasjon

Har du fleire barn i barnehage som bur fast på same adresse? Dersom desse er søsken får du søskenmoderasjon i betalinga. 

  • Då betalar du 70% av prisen for det andre barnet
  • 50% av prisen for barn nummer tre og oppover

 

Nasjonal ordning

Foreldrebetalinga i barnehage skal bereknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Dette gjeld både for ordninga med reduksjon i foreldrebetalinga og den nasjonale ordninga med gratis kjernetid.

Som eit hushald reknast ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bar i lag, og som har budd i lag i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hjå begge foreldra, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistret.

 

Vilkår

For å få redusert pris på grunn av låg inntekt må du:

  • - Sende søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. 
    Bruk skjema. 
     
  • - Legge ved kopi av siste sjølvangivelse eller annan dokumentasjon på inntekt. Annan dokumentasjon på inntekt kan vera aktuell dersom hushaldet si inntekt er vesentleg og varig endra. Med dette meiner ein store inntektstap som følgje av å vera langtidsarbeidsledig, endring i hushaldet si samansetting eller liknande. I slike tilfelle kan det søkast ved å legga fram annan dokumentasjon for inntekt

All dokumentasjon av inntekt må vera mottatt før saksbehandlinga startar. 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
-
52 79 23 81