Prioritert plass

Når det er fleire søkarar enn ledige plassar i ein barnehage må kommunen prioritere kven som skal få plass i barnehagen. Det blir gjort ei vurdering etter uprioritert rekkefølge:

  • - Barn som har einsleg forsytar
  • - Barn frå heimar med særlege vanskar, til dømes sjukdom i heimen, vanskelege bustadtilhøve eller andre problem
  • - Barn frå heimar som ligg slik til at det er særleg stor trafikkfare, lite høve til leik med andre barn, eller andre tilhøve i miljøet som gjer at eit barn har særleg trong for opphald i barnehage
  • - Barn som tilhøyrer opptakskrinsen har fortrinnsrett. Opptakskrinsane for barnehagane er dei same som for skulane
  • - Dersom fleire søkarar står likt, tek ein opp dei eldste først
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
-
52 79 23 81