Oppseiing og ferie

Korleis seie opp barnehageplassen

  • - Du må logge deg inn i Oppvekstportalen når du skal seie opp barnehageplassen.(Oppvekstportalen blir lansert i løpet av sommaren 2017. Før denne er lansert kan du seie opp plassen på "gamlemåten" til den enkelte barnehage)

 

Når må du seie opp barnehageplassen?

  • - Når du flyttar frå Suldal. Når du seier opp barnehageplassen betalar du ut månaden du sender oppseiing, og for etterfølgjande månad. Det betyr at om du flyttar 1. september er frist for oppseiing 31. juli.  
  • - Du må sende oppseiing om du byter barnehage i kommunen, og søkje opptak i ny barnehage.
  • - Oppseiing ved skulestart går automatisk. 6 åringar som går i barnehage fram mot skulestart betalar halv pris for august.

 

Kor lang er oppseiingstida?

  • - Oppseiingstida er ut månaden du sender oppseiing, og ut etterfølgjande månad. Det betyr at om du ikkje treng barnehageplass frå 1. september er frist for oppseiing 31. juli.  

 

Sommarstenging og planleggingsdagar

  • - Barnehagane kan vurdera å stenga barnehagen i ferieveker det er færre enn fem plassar. Dette skal foreldra bli informert om seinast 1. mai. 

  • - Barnehagane har også stengt når det er planleggingsdagar. Det er fem dagar i året. Oversikt over viktige datoar finn du her. (PDF, 322 kB)

 

Når barnet startar på skulen

  • - Oppseiing ved skulestart går automatisk.

 

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune (PDF, 99 kB)

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
Elisabeth Bjørkhaug
Rådgjevar
52792381