Etablera barnehage eller open barnehage

Før ein barnehage blir sett i drift skal den godkjennast av kommunen. Barnehagar må ha godkjenning, dersom:

  • - Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eitt av barna skal opphalda seg meir enn 20 timar i veka i barnehagen.
  • - Tal barn som er til stades samstundes er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år
  • - Verksemda utførast mot godtgjersle.

Barnehagar som ikkje kjem innafor desse kriteria (som til dømes opne barnehagar) kan velge å søke godkjenning. 

For å få godkjenning forpliktar barnehageeigar seg til å driva verksemda i tråd med gjeldande regelverk med omsyn til både pedagogisk innhald og helse, miljø og tryggleik.

 

Nokon av krava for å få godkjenning:

  • - Barnehagen sine vedtekter skal blant anna gi opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstid
  • - For å sikre samarbeidet med barnas heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
  • - Barnehagen skal føre internkontroll

Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørge for at det blir utført ein radonmåling.

Kontakt kommunen for meir informasjon

Kommunen vil gi deg rettleiing om kva godkjenningar/uttalelsar du som barnehageeigar må innhenta før barnehagemynde kan godkjenna barnehagen. Du bør difor tidleg kontakta kommunen for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
-
52 79 23 81