Betaling for opphald i barnehagane i Suldal

Opningstida i barnehagane:

Normalopningstida i barnehagane er klokka 07.00-16.30 med følgjande to unnatak:

1. I barnehagar med færre enn ti snittplassar kan styrar i etter drøfting med samarbeidsutvalet koma fram til redusert normalopningstid.

2. Foreldre kan, etter søknad, få tilbod i barnehagen 15 minutt før (06.45) eller 15 minutt etter(16.45). Det ligg til grunn at det likevel er 9,5 time som er tilbodet også denne dagen.

 

Betaling:

Betalingssatsar per månad

Samla inntekt hushald

5 dagar 4 dagar 3 dagar
0-3 G (kr. 270 204,-) Friplass Friplass Friplass
Under kr. 486 750,- kr. 1 790,- kr. 1 620,- kr. 1 250,-
Over kr. 486 750,- kr. 2 730,- kr. 2 420,- kr. 1 870,-
3-5 åringar 270`-417` kr. 1 520,- kr. 970,- kr. 420,-

 

- Det blir gitt tilbod om 3,4 eller 5 dagar. 

- Foreldrebetalinga skal utgjere maksimalt seks prosent av familiens samla inntekt.

- Foreldrebetalinga skal reknast etter bruttoinntekt for familie/sambuarar.

- Alle familiar med en samla inntekt under NOK 486 750,- har rett på redusert foreldrebetaling.

- Alle 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsatt skolestart, som bor i hushald med låg inntekt, har rett på 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per uke. For barnehageåret 2017 gjelder dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 417 000 kroner per år.

- For fullt år skal det betalast for 11. månader

- 6-åringar som går i barnehagen fram mot skulestart betalar halv pris for august.

- Fristen for oppseiing er oppseiingsmånaden + etterfølgjande månad.

- For barnehageåret 2016/2017 vert bruttoinntekt for 2015 lagt til grunn. For barnehageåret 2017/2018 vert bruttoinntekta for 2016 lagt til grunn.

- Ved store endringar i inntekta, som utgjer meir enn 1/3 av inntekta, må ein melde frå til kommunen. Foreldrebetalinga kan då bli endra.

- Ved brå endring i familietilhøve som har innverknad på familieinntekta, vil endra foreldrebetaling bli vurdert (t.d. sjukdom, skilsmisse, utdanning)

- Det vert gitt 30 % reduksjon i prisen for 2. barnet og 50 % for andre barn familien har i barnehagen eller SFO.

- Ved sjukefråvær på 1 månad eller meir, kan det etter søknad gjevast betalingsfritak for den tida barnet har vore borte. Det må dokumenterast at barnet er sjukt, eller at sjukdom til familiemedlem gjer det vanskeleg/uråd å ha barnet i barnehagen.

- Månadsbetaling for frukt, mat og drikke m.m i barnehagane i Suldal kommune: kr 80 x tal på opphaldsdagar pr. veke. (retningslinjer for bruk av matpenger?)

- Ved tilfeldig opphald som t.d. ved gravferd m.m. skal det betalast kr 310. Ein føresetnad er at det er plass i barnehagen.

- Ved ferieavvikling i veker der det er færre enn 5 plasser kan barnehagen vurdera å halda stengt. Dette skal foreldra bli informert om seinast 1. mai. 

Fann du det du leita etter?