Dersom du har fått godkjent plan for nydyrking kan du søkje om kommunalt tilskot til dyrking.
Søknad
- Du skriv søknaden på vanleg brevark, der namn, gnr./bnr. framgår. Du må leggje ved kopi av gardskart for eigedommen der du har teikna inn kva som skal dyrkast. Gardskart finn du her.
- Du må søkje om tilskot før nydyrkinga tek til. Send søknaden til Suldal kommune, postmottak, Eidsvegen 7, 4230 Sand.
- Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla fortløpande når dei kjem inn. Du får tilsendt melding om vedtak. Arbeidsfrist er 3 år frå vedtaksdato.
Kva skjer vidare?
Når arbeidet er ferdig, dvs. når du har kome så langt at du har fått sådd i og det begynner å bli grønt, må du ta kontakt med kommunen for å få det godkjent og oppmålt. Kommunen sørgjer for oppmåling og registrering i AR5-basen. Dermed blir det retta i gardskartet, slik at du ved neste søknadsomgong får det med når du søkjer om produksjonstilskot.
Satsar
Tilskotet blir utrekna med fast pris per dekar. LMT vedtak i sak 015/17.
Lovar og reglar
Forvaltningslova
LMT vedtak 015/17
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 29.05.2018 18.02