Kommunal næringsstøtte til landbruket - regelverk
Gjedande regelverk for kommunal næringsstøtte til landbruket i Suldal kommune vert sist revidert i LMT-sak 026/19.
- Skogkultur: 25% av godkjent kostnad til ungskogpleie. ( Planting etter hogst vert ikkje støtta. Utbetaling via Statsforvaltaren).
- Suppleringsplanting: 50% av statstilskotet.
- Nybygging/ombygging av driftsbygningar: Investeringar vert støtte med 5% av godkjende kostnadar. Maks kr 400 000 pr prosjekt. Samdrift maks kr 800 000. Investeringar under kr 500 000 vert ikkje støtta.
- Foredling av eigne ressursar, 10% av kostnadane. Maks kr 200 000, vidareforedling av eigne eller andre lokale produsentar sine produkt.Ikkje støtte til tørkehus for ved.
- Nydyrking kr 3 000 pr da.
-
- Grøfting kr 10 pr. meter
- Beiterydding kr 1 000 pr da.
- Kjøp av privat mjølkekvote kr 2 pr liter.
- Unge bønder inntil kr 50 000.
- Tilskot til dyrlegeskyss Køyregodtgjersla 5 - 15 km kvar veg.
- Omlegging til økologisk drift. Etter søknad i kvart tilfelle.
- Også rovviltpremie (rev) er dekka av landbruksstøtta.
For alle ordningane gjeld at ein må ha ein produksjon som er så stor et ein står i MVA-registeret. (Ikkje praktisert for revepremien). Arbeidsfristen er tre år. Kommunedirektøren kan forlenga fristen med inntil to år.
Kommunedirektøren kan flytte midlar frå ei ordning til ei anna. Dersom budsjettposten er oppbrukt må nye prosjekt venta til året etter. Ubrukte budsjettmidlar eit år skal overførast til fond for bruk seinare år.
LMT-utvalet kan dispensere frå regelverket
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 29.05.2018 18.37