Aktive Suldal!

Kvalitet, aktivitet og motivasjon er nøkkelorda når det gjeld idrett, leik og friluftsliv i Suldal. I Suldal finn ein mange gode idrettsanlegg, og naturgjevne fordelar som gjer Suldal til ein av dei større idretts- og friluftskommunane i Rogaland.

Idrett
Suldal er ein idretts- og friluftslivskommune. Det er gode og tidsrette idrettsanlegg rundt i heile kommunen. På Sand er Suldalshallen den idrettslege storstova, og gjer saman med Sentralidrettsanlegget på Eide at kommunen kan tilby eit idrettsanlegg av særs høg kvalitet.

Vinterstid er Gullingen og Mosvatnområdet eit av dei mest attraktive områda for vintersport på Sørvestlandet, og her finn ein både lysløype, alpinanlegg og elles eit oppkøyrd og merka løypenett. Vår kommunale løypekøyrar sørger for at skiløypene til ei kvar tid held høg kvalitet. Du finn løypekart i menyen til høgre.

Topp Volley Norge
I Suldal finn du Norges Volleyballforbund si storsatsing, Topp Volley Norge, ei satsing i samarbeid med Sauda vid. Skule og Suldal kommune. Her er over 70 av landets største volleyballtalent samla til både skulegong og utvikling av volleyballdugleiken.


Friluftsliv
Suldal er den store friluftslivskommunen i Rogaland, og har uante tilbod både innan friluftsliv, jakt og fiske til deg som vil utforske kommunen på det viset. Kva med å kunne spenne på seg skia og legge ut på ein flott topptur ein nydeleg dag i mai, for så å setje deg i bilen ein liten halvtime, og kunne byte ut skidressen med badebuksa og hoppe ut i herleg sjøvatn?

Kva med å jakta etter stortorsken i Hylsfjorden, storlaksen i Lågen eller Hålandselva, storauren i Suldalsvatnet eller Grytevatnet, eller feit og sprelsk, raud fjellaure i høgheia? I Suldal, som ein av få kommunar i landet, har du høve til å jakte dei fire hjortedyra ein har i landet; både reinsdyr, elg, hjort og rådyr finn du her.

Meir om våre rike høve for friluftsliv finn du på miljøstatus.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00

Sjå også