Tilrettelegging for friluftsliv

Kommunen har satt av tilskotsmidlar for å kunne merke, skilte og elles leggje til rette for gode turstiar i dei ulike grendene. Hensikta er å få fleire i aktivitet i nærområda der ein bor, men og for å gi gode tilbod for tilreisande.

Frivillige- og ideelle organisasjonar og stiftingar, velforeiningar, grendeutval og «dugnadsgjengar» kan søkje om støtte. 

Det er viktig at ein i søknad beskriv tiltaket og kor det er tenkt gjennomført. Dersom ein søkjer om turskilt skal ein bruke dette skjema som ein del av søknaden: 

I løpet av året er det to søknadsfristar:

  • 15.04.2020
  • 01.09.2020

Fullstendig søknad må sendast på e-post til postmottak@suldal.kommune.no eller pr post til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand

Jarle Lunde
Rådgivar
E-post
Telefon 52 79 24 35
Mobil 404 18 967