Suldal Bad - opningstider

Me ønskjer å bli den best besøkte innandørs symjehallen i Rogaland, med 25 meters basseng, terapibad, stupetårn, vassklie, utandørs boblebad, badstove, klatrevegg og kafe.

Suldal Bad ligg på Sand i Suldal, på ei av dei flottaste tomtene i bygda, med flott arkitektur og med fjordutsikt. Vatnet held 28 grader, med unntak av barnebasseng, terapibad og boblebad, som held 32 – 38 grader.  Perfekt folkebad, attraksjon og aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar.

Koronatiltak på Suldal bad - helgestengt inntil vidare


Folkehelseinstituttet opplyser at det er liten fare med smittespreiing i sjølve bassengområdet på grunn av klorinnhald. Risikoen er knytt til foaje, korridor og garderobeområda. På bakgrunn av det blir det gjort følgjande tiltak:

  • Drifta på dagtid for skular, barnehagar og helse går som normalt
  • På grunn av ekstra stor pågang og trengsel blir badet blir stengt laurdag og søndag
  • Det blir ordinær opningstid vekedagar, men med eit tak på 100 besøkjande samstundes i anlegget
  • Gjester og besøkjande blir oppmoda om å halda litt avstand til kvarandre i kø, garderobar og i aktivitetane
  • Reinhaldsrutinane er skjerpa, og gjester blir oppmoda til å ha ekstra fokus på hygiene
  • Alle gjester blir oppmoda om følgja generelle råd for å unngå smitte. Sjå oppslag

 

Suldal bad og Suldal kommune vurderer tiltaka fortløpande, både å løysa opp på restriksjonar og skjerpa inn. Følg med.

 

 

Ordinær opningstid 

 

Folkehelsebading (skuleopplæring,

barnehage, fysio osb)

Ope etter avtale:

Mån - fre 08:30 - 15:00

Publikumsbading

Ope for alle:

Man, ons, fre: 06:30 - 08:30 (morgonbading)
Tys - fre: 16:00 - 20:00
Laur: 10:00 - 17:00
Søn: 12:00 - 17:00


Prisar og billettar

Billettprisar Suldal bad
Billettprisar Suldal bad
Billettype Enkeltbillett pr 01.01.20 Sesongkort per 01.01.20 Halvårskort per 01.01.20 Klippekort 12 stk
Vaksne kr 120 kr 3 060 kr 2 040 kr 1 200
Barn 3-16 og honnør kr 80 kr 2 240 kr 1 530 kr 800
Barn under 3 år kr 0 kr 0 kr 0
Familie (foreldre + barn) kr 310 kr 7 140

Gruppepris

  • Gruppepris 1-9 pers: full pris
  • Gruppepris 10-14 pers: 5% rabatt
  • Gruppepris over 15 pers: 10% rabatt

Kjøp gåvekort https://www.suldal.kulturhus.no/program/#scene

Følg oss på facebook!

Adresse og telefonnummer til Suldal Bad finn du til høgre for artikkelen på datamaskin eller i botn av artikkelen på mobil.

Suldal Bad
Telefon 52 79 24 57
Bonolo Ramphomane-Aandahl
avdelingsleiar
E-post
Telefon 52 79 24 07
Mobil 948 83 737

Adresse

Eidssjøvegen 12

4230 Sand

Kart