Om lag og organisasjonar

Suldal har eit rikt utval av ulike lag og organisasjonar. Mykje av fritidstilboda i kommunen er i regi av dei frivillige laga. Både barn, unge og vaksne kan finna noko som passar for seg.

Dei fleste laga er knytt til interessefelt og er opne for alle. Vil du engasjera deg, finn du heilt sikkert eit lag som passar for deg og ditt engasjement. Lag og foreningar finst i alle grender i kommunen. Sjekk med folk i bygda kva tilbod som er der du bur. Kulturkontoret kan også hjelpa til.

Kva kostar det?

Dei aller fleste organisasjonane har ein medlemskontingent. Det får du vita når du kontaktar laga.

Inger Camilla Løvholen
kultur- og fritidskonsulent
E-post
Telefon 52 79 22 92