Kulturskulen - påmelding til nytt kulturskuleår

Me er veldig stolte over kulturskulen vår, og vil gjera alt me kan for at du skal få eit godt tilbod.

Påmelding til nytt kulturskuleår

01.juni er fristen for å melda seg på nytt kulturskuleår. Me har tilbod i musikk, drama og biletkunst.

Påmelding på: https://nosuldal.speedadmin.dk/account/signin?&ReturnUrl=%2F&

Me har faste tilbod i musikk, drama og biletkunst. For dei yngste har me Kulturskuletimen. Dans har me i kortare kurs. Du kan gå på kulturskulen på kulturhuset, men i nokre fag får du undervisning på skulen der du bur. Vaksne kan også gå i kulturskulen, men barn får plass først.

Kven kan vera med?

Alle kan vera med i kulturskulen, men barn i skulealder får plass først. Kulturskulen følgjer skuleåret og har hovudopptaket om våren. Elevar i grunnskulealder blir prioriterte, og dei prioriterte elevane får plass etter alder, dei eldste først. Søknader utanom hovudopptaket blir behandla fortløpande. Er det ledig plass, blir det gitt tilbod.

Slik søkjer du

Gå inn på søknadportalen speedadmin her. Vel Suldal kulturskule og ny elev. Følg prosedyre vidare.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 01.juni og opptaket skjer i løpet av juni. Det blir sendt melding om plass så snart opptaket er klart.

Tilbod og pris i kulturskulen i Suldal

Kulturskulen

Musikk

Hjå oss kan du læra å spela på tangentar, trekkspel, gitar, bassgitar, messinginstrument, fiolin, cello, hardingfele og slagverk. Me kan også læra deg song.

Alder: Frå 8 år, eller yngre viss me greier gje eit skikkeleg tilbod.

Stad: I heimbygda di, eller på kulturhuset

Tid: 25 minutt

Drama

Likar du å spela teater? Drama er for deg som har lyst til å spela og leika deg på scena. I drama jobbar me med teater og rolleleik. Du får læra improvisasjon, som betyr å spela utan manus. Du får også læra å gjera musikk, bilete og tekst til spel. I drama bruker me kropp, stemme og ulike hjelpemiddel som dokker, masker og skugge. Me jobbar i grupper.

Alder: Frå og med 2. klasse.

Stad: Kulturhuset

Tid: 45 – 90 minutt

Biletekunst

Blyant eller pensel? Raudt eller grønt? Uansett kva farge du likar, kva form du har sans for: I løpet av eit år i med biletkunst får du lære meir om fargar og kva dei kan gjera med det du skapar. Du vil få lære både teikning og måling.

Alder: Frå 10 år

Stad: Kunstsmia på Sand, på Vinjar og Erfjord skule

Tid: 90 minutt

Kulturskuletimen

Veit du ikkje heilt kva du vil velja i kulturskulen? Har du lyst til å læra litt om alt me kan tilby? I kulturskuletimen får du prøva både musikk, drama og biletkunst. Tilbodet går over 16 veker.

Alder: 1. til 4. klasse

Stad: Skulen din

Tid: Innafor SFO-tida

Kva kostar det?
Semesteravgift (1/2 år)
Type aktivitet Pris 2020
Individuell, born kr. 1.430
Gruppe, barn kr. 1.370
Vaksne kr. 2.110
Kor, orkester o.l. kr. 460
Materiell, biletkunst kr. 200
Instrumentleige kr. 260
Kulturskuletimen kr. 250

Det blir gitt 20% søskenmoderasjon (etter alder) frå og med det 2. barnet og frå og med 2. tilbod for same barn.

 

Friplassar

Suldal kommune legg tilrette for friplassar i Kulturskulen for born under 18 år frå låginntektsfamiliar.

For kulturskuleåret 2020/2021 er det avsett midlar som utgjer omlag 10 friplassar. 

Søknad om friplass må innehalde namn på born og føresette, adresse og kopi av skattemeldinga for 2019. 

Søknad sendast: Suldal kulturskule, Løhaugen 1, 4230 SAND eller hakon.nielsen@suldal.kommune.no

Håkon Nielsen
E-post
Telefon 52 79 24 41
Mobil 400 18 153
Aud Marit Hauge
Administrativ leiar
E-post
Telefon 52 79 22 68
Mobil 992 93 914