Idrett og anlegg

Suldal er ein idretts- og friluftslivskommune. Me har gode og tidsrette idrettsanlegg rundt i heile kommunen.

På Sand er Suldalshallen den idrettslege storstova, og gjer saman med Sandhallen og Sentralidrettsanlegget på Eide at kommunen kan tilby eit idrettsanlegg av særs høg kvalitet. Suldal Bad er det siste skotet på stammen som gjer området på Eide til eit unikt anleggsområde for idrett.

Vinterstid er Gullingen og Mosvatnområdet eit attraktivt område for vinterspor. Her finn du både lysløype, alpinanlegg og eit nett av oppkøyrd og merka løyper.

Kven kan nytta tenesta?

Lag og organisasjonar i Suldal har fri tilgang til idrettsanlegga. Idrettslaga administrerer tidsbruken på anlegga i grendene. Kulturkontoret fordeler saman med brukarane treningstid i anlegga på Eide.

Kulturkontoret kan rettleia deg om treningstilbod og treningstid. Du kan også ta kontakt med eitt av idrettslaga i kommunen.

Slik søkjer du

Ta kontakt med kulturkontoret eller idrettslaget ditt.

Søknadsfrist

Treningstidene følgjer skuleår. Treningstider for komande skuleår blir bestemt i juni.

Kva kostar det?

Treningstid i anlegga krev medlemskap i eit idrettslag. Idrettslaga har fri tilgang til anlegga mot vakthald i opningstida i Suldalshallen.

Idrett og anlegg

Fotball og balleik

Det er ballbingar i alle skulekrinsar. Naturgrasbanar er det på Sand, Kjølvikstølen, Moane (Erfjord), Jelsa, Nesflaten og kunstgrasbane på Suldalsosen. Sandvolleyballbanar finn du på Sand, Suldalsosen og Jelsa.

Skyting

Utandørs skyteanlegg er det i Øvre Suldal, på Ropeidhalvøya, på Jelsa, på Skarmyr. Innandørs skytebane finst det i Suldalshallen, på Kjølvikstølen og på Øvre Suldal Samfunnshus

Bowling

I kjellaren på Kulturhuset er det ein tre banars bowlinghall.

Inger Camilla Løvholen
kultur- og fritidskonsulent
E-post
Telefon 52 79 22 92

Opningstid

Kulturkontor:

Mån – fre: 08.00 – 15.30

 

Suldalhallen:

Mån – fre: 17.00 – 22.00