Distriktsmusikerane

Distriktsmusikerane

Distriktsmusikarane i Ryfylke er ei gruppe profesjonelle musikarar. Dei er tilsett i Suldal kommune og tar imot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen.

Ensemblet held òg konsertar og spelar kammermusikk i kommunen og i regionen elles, åleine eller ilag med andre musikarar. Alle er lærarar på sine instrument og samarbeider med elevane og dei andre lærarane på ulike prosjekt i kulturskulen.

Lag og organisasjonar i Suldal kan få musikalske innslag på festar og arrangement. Musikarane er også disponible for konsertar, turnear og innslag for andre kommunar og næringslivet etter eigne avtalar.

Viss du ønskjer kan du ta direkte kontakt med distriktsmusikerane direkte. Lag og organisasjonar og kommunale avdelingar kan få tilbodet gratis. Andre betaler etter avtale i tråd med Rikskonsertane sine satsar.

Musikarane er mykje på farten, men er lettast å treffa kvardagar mellom kl 10.00 og 13.00

Xenia Berkova
E-post
Telefon 52 79 22 87

Opningstid

Mån- fre. kl 10.00 - 13.00