Sett hjort

Jegerane sine observasjonar er eit av dei viktigaste bidraga til kartlegging av hjortebestanden si utvikling og forvaltning av hjortevilt. Innsamling og systematisering av jegerobservasjonar skjer på Hjorteviltregisteret.no, eller på appen Sett og skutt.

Last ned appen Sett og skutt

Sett hjort-data og slaktevekter kan du registrera digitalt på appen Sett og skutt. Denne løysinga er tilpassa både PC, nettbrett og smarttelefon.

Data må godkjennast i hjorteviltregisteret før dei vert tilgjengelege i statistikken. Valdleiar kan få tilgong til godkjenning av registrerte data i hjorteviltregisteret.

Digitalt registrerte data vert tilgjengelege på hjorteviltregisteret.no så snart dei er godkjende av valdleiar eller kommunen. 

I hjorteviltregisteret finn du Sett hjort- data og slaktevekter frå 2008.