Testing

Ring koronatelefonen for å bestille test (tlf. 906 99 226)

All testing blir utført i brakkene utanfor sjukeheimen og det er merka opp parkeringsplassar utanfor legevakta. Vent utanfor, hald god avstand og du blir kalla inn når det er din tur.

Testing før utanlandsreiser:

  • For tida tilbyr me ikkje test og attest før utreise frå Noreg (f.eks ferie og utanlandske arbeidarar). Me anbefaler at du tek kontakt med private aktørar eller tar hurtigtest på flyplassen.
  • Personar som skal testar før oppstart i arbeid eller ved innreise kan koma for testing lokalt, men ø-hjelp (øyeblikkelig hjelp) blir prioritert.

 

Råd til vaksne med luftvegssymptom

Dersom du får luftvegssymptom utan kjent årsak tilrår me test for covid-19. Du må halde deg heime frå arbeid/skule og unngå kontakt med andre utenfor husstanden din til svar på testen føreligg. 

Ved negativ test kan du returnera til arbeid/skule dersom du har god allmenntilstand (kjennar deg frisk og feberfri), sjølv om du fortsatt har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. Det er ikkje eit krav at ein er symptomfri, men ein må vere i god form OG kunne visa til negativ test. 

Sjå Folkehelseinstituttet for meir informasjon. 

Her finn du flytskjema på kva tid ungdom og vaksne bør testa seg for covid-19. (PDF, 157 kB)

Bruk av munnbind

Som eit forsterka smitteverntiltak tilrår me alle pasientar å bruka munnbind ved Helsetunet. 

Helsepersonalet vil nytta munnbind i alle konsultasjonar.

Born i skule og barnehage

Råd ved born og luftvegsinfeksjon

I tilfelle med feber og hoste bør born testast for covid-19.

Ved lette luftvegssymptom utan feber kan ein sjå ann tilstanden heime. Dersom tilstanden ikkje betrar seg innan eit par dagar tilrår me testing for covid-19. 

Dersom tilstanden betrar seg raskt kan bornet returnera til skule og barnehage utan test.

Her finn du flytskjema på kva tid born bør testast for covid-19. (PDF, 32 kB)

Frå 16.august gjeld nye retningslinjer for test og karantene i barnehage og skular med smittetilfelle.

Målet er at born og unge i størst mogleg grad skal kunna unngå karantene. 

Ved påvist smitte i barnehage/skule gjeld følgjande:

  • Smittesporingsteamet i kommunen definerer nærkontaktar i barnehage og skule med hjelp av tilsette.
  • Nærkontaktar vert testa med hurtigtest på dag 1. Ved negativt test kan born og unge returnera til barnehage og skule.
  • For barn i barnehage og 1.-7. trinn skal det takast ein ny test etter 3-5 dagar.
  • For ungdomsskuleelevar skal det takast to nye testar etter 3 og 5 dagar.
  • Test gjennomførast i barnehagen/på skulen eller på teststasjonen på Sand.

Les meir om test av born og unge.

Korleis får eg svar etter test for covid-19?

Legekontoret vil kontakta deg når prøveresultat føreligg. Du kan sjølv følgje med på www.helsenorge.no, då prøveresultat vert publisert løpande.

Har du spørsmål?
Du finner god og oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider www.fhi.no
Dei har også ein eigen informasjonstelefon, 815 55 015. Ring denne telefonen om du har spørsmål om koronaviruset.
 

WHO har erklært koronavirusutbrotet som internasjonal folkehelsekrise. Suldal kommune forheld seg til råd og retningsliner gitt av helsemyndigheitene.

Spørsmål?

Om du har spørsmål om kva som gjeld i Suldal kan du kontakta den lokale koronatelefonen 906 99 226 eller korona@suldal.kommune.no

 

 

Legekontor
Telefon 52 79 23 00
Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

laurdag 02. oktober: 10:00 - 12:00
søndag 03. oktober: 10:00 - 12:00