Testing, nærkontakt eller påvist smitte
Her finn du informasjon om
- kva du skal gjere ved positiv test
- kva som gjeld deg som er nærkontakt
- kor bestiller du test
Råd til deg med nyoppståtte luftvegssymptom
- Du treng normalt sett ikkje testa deg, men du bør bli heime til formen er god
- Dersom du har tatt test og den er positiv, gjeld desse råda for deg også
- For deg med høgare risiko for å utvikla sjukdom kan det vera aktuelt med legemiddelbehandling
- Ha god hand- og hostehygiene
- Dersom du oppsøker stader med mykje folk er det anbefalt med munnbind (sjølv om allmenntilstanden er god)
- Dersom symptoma er alvorlige eller ikkje går over skal du kontakta lege. Det bør vera lågare terskel for å ta kontakt når barn er sjuke
Les meir på Folkehelseinstituttet si heimeside
Råd til risikogrupper og uvaksinerte
- Dersom du har risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte, må du sjølv vurdere risikoen for smitte og eigen risiko for alvorleg sjukdom mot behovet for kontakt med andre. Det gjeld også for dei som ikkje er vaksinerte.
- Om du har høg risiko for alvorleg sjukdom bør du rådføre deg med legen din om du bør skjerme deg i periodar med mykje smitte.
Behandling med koronatablettar
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar (Paxlovid).
Det er særleg 3 grupper som vil ha nytte av slik behandling:
- Dei som har alvorleg immunsvikt
- Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadane og har ein alvorleg sjukdom
- Alle som er over 80 år
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.
Har du spørsmål?
Du finner god og oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider
www.fhi.no
Dei har også ein eigen informasjonstelefon, 815 55 015. Ring denne telefonen om du har spørsmål om koronaviruset.
WHO har erklært koronavirusutbrotet som internasjonal folkehelsekrise. Suldal kommune forheld seg til råd og retningsliner gitt av helsemyndigheitene.
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 07.01.2021 15.29
Sist endra 12.01.2023 20.55