Henvendelsar om koronaspørsmål:
Logg deg på helsenorge.no i størst mogleg grad, både for spørsmål om du tenker du kan vera smitta eller andre henvendelsar. Her kan ein avtale timar og vidare kontakt. Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no og er frisk kan du ringja tlf 815 55 015 dersom du har spørsmål om koronavirus.
Andre henvendingar til legekontoret:
Suldal legekontor ønskjer av omsyn til smittevern å avgrense fysisk oppmøte for alle på legekontoret. Konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp blir gjennomført etter avtale. Me ønskjer at innbyggarane tek kontakt når dei er sjuke og treng hjelp, men prioriterer i denne situasjonen personar med alvorlege og kroniske helseplager først.
Ikkje møtt på legekontoret uten avtale, og gi beskjed når du tar kontakt om du har luftveisplager (som snørr, hoste, vondt i halsen). Me opplever til tider stor pågang på telefon, og ber om forståing for at det kan bli ventetid. Dersom det er avtalt at legen tar kontakt per telefon, vil han ta kontakt.
Kontakt oss her:
1. SMS - Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097. SMS-ane til legekontoret vert lest før opningstid, og i løpet av dagen.
2. Telefon - opningstid på telefon er i utgangspunktet som før, men det kan skje tilpassingar om morgonen etter behov. Me ber om forståing for dette. Tlf 52 79 23 00.
Ring legevakt tlf 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Ved livstruande sjukdom eller skade ring 113.
Pneumokokkvaksine
I ein normalsituasjon, anbefalar Folkehelseinstituttet vaksine mot pneumokokkar til alle over 65 år og grupper med immunsvikt eller kroniske sjukdommar. No er det vanskeleg å skaffe vaksinar, og difor har Folkehelseinstituttet laga ei liste over kven som blir prioritert til vaksinasjon. Denne lista kan endre seg ettersom det kjem påfyll med vaksinar. Legekontoret oppfordrar alle som høyrer til gruppene i lista under, om å ta kontakt dersom dei trur dei bør ha påfyll av vaksina.
Prioriterte grupper er personar med: hivinfeksjon/aids, stamcelletransplantasjon, anatomisk eller funksjonell miltmangel, cerebrospinalvæskelekkasje, b-cellesvikt, inkludert a- og hypogammaglobulinemi, hematologisk kreft (leukemi, lymfom, myelomatose) og organtransplantasjon.
For personar med andre medisinske tilstander som gir høg og moderat risiko for pneumokokksjukdom bør lege gjere ei medisinsk vurdering av om vaksinasjon kan utsettast. Eit unnatak er i samband med operasjon av cochleaimplantat som bør prioriterast for vaksinasjon.