Ofte stilte spørsmål

Prøvesvar

Du finn prøvesvar ved å logga inn på Helsenorge så snart testprøven er analysert og besvart. Viss du testar positivt blir du oppringt av kommunen og blir satt i isolasjon. Kommunen sett i gong smittesporing og smittesporinga blir vanlegvis gjort slik at ein forsøker å finne ut kva nærkontaktar du har hatt frå du byrja å få symptom, og 48 timar tilbake i tid. Dersom det er ukjent smitteveg, må ein av og til smittespore lengre tilbake i tid enn dette også.

Nærkontakt

Alle nærkontaktar til en person som har covid-19 skal i karantene. Testing bør bli gjort både i starten av karantenetida og etter minst sju døgn etter siste eksponering av smitte frå den som er blitt sjuk. Viss du er nærkontakt, blir du kontakta av smittesporingsteam og får beskjed om kva som gjeld deg. Du blir definert som nærkontakt viss du, innan 48 timar før personen med påvist smitte fekk dei første symptoma, har hatt mindre enn 2 meters avstand(i meir enn 15 minutt), eller hatt direkte fysisk kontakt eller direkte kontakt med sekretær (for eksempel spytt, snørr og tårer).

Fullvaksinerte - Unntak frå ventekarantene:

Du får unntak frå ventekarantene når det er meir enn tre veker si du fekk fyrste dose av koronavaksina. Du treng heller ikkje gå i ventekarantene viss husstandsmedlem i smittekarantene har fått fyrste dose av koronavaksinen for meir enn tre veker sidan.

Fullvaksinert - Unntak frå smittekarantene:

Viss du er fullvaksinert med koronavaksine, treng du ikkje gå i smittekarantene etter å ha vore nærkontakt av ein smitta person. Dette gjeld frå ei veke etter siste dose.

Har du kun fått fyrste vaksinedose for mellom 3 og 15 veker sidan, treng du ikkje gå i smittekarantene, men du må testa deg mellom 3 og 7 dagar etter nærkontakt av ein smitta person. Du treng ikkje var i karantene fram til du testar deg. Viss du testar positivt må du i isolasjon.

Korleis får eg koronasertifikatet?

Koronasertifikatet finn du på Helsenorge.no. Der kan du logga deg inn med mellom anna med bankID via PC, nettbrett eller smarttelefon. Me anbefalar at alle som kan, bruker den digitale løysinga.

For deg som ikkje har digital tilgang

For dei rundt 100.000 i Noreg som ikkje har digital tilgang, har FHI utvikla ein web-applikasjon som gjer det mogeleg for saksbehandlarar ved Helfo å hjelpa ikke-digitale brukarar som tar kontakt via informasjonstelefonen for korona.

Du som ikkje kan bruka smarttelefon, PC eller nettbrett, får tilsendt koronasertifikatet i posten. Du kan bruka tenesta om du er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19.

Sertifikatet består av to delar

  • Koronasertifikat for innanlands bruk
  • Koronasertifikat for å passera grenser i EU- og EØS-området

Slik gjer du det

For å få hjelp må du gjera dette:

  • Ha klart fødselsnummer eller d-nummer
  • Ring informasjonstelefonen for korona. Opningstid klokka 08.00 - 15.30, måndag til fredag.
  • Frå Noreg: 815 55 015
  • Frå utlandet: +47 21 89 80 42

Saksbehandlar vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be deg opplysa om namnet ditt og di folkeregistrerte adresse. Om namnet og adressa du opplyser om ikkje stemmer med det som vises som folkeregistrert adresse i systemet, kan du ikkje få tilsendt koronasertifikatet i posten.

Du må då kontakta folkeregisteret for å avklara kva som er registrert på deg.

Det kan ta ei veke før du mottar sertifikatet. Du kan difor ikkje få koronasertifikat basert på negativ koronatest ettersom testresultatet berre er gyldig i 24 timar. Koronasertifikatet er gyldig i 90 dagar frå utskriftsdatoen.

Treng alle koronasertifikat?

Du trenger ikkje koronasertifikat med mindre du skal reisa til land som krev koronasertifikat for innreise, for å unngå karantene når du reiser inn i Noreg, om du ønskjer å delta på større arrangement eller kystcruise med krav om koronasertifikat.

Personar som ikkje kan bruka den digitale løysninga, kan også nytta fullmaktsløysinga på Helsenorge.no for å få hjelp til å skriva ut eit, til ei kvar tid, gyldig koronasertifikat. 

 

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00