Forskrift om førebygging av koronasmitte, Suldal, Rogaland

§ 1 Formål
Forskrifta sitt formål er å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.
 
§ 2 Verkeområde 
Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Suldal kommune.
 
§ 3 Stenging av verksemder
Følgjande verksemder og stader skal halda stengd:
a) Treningssenter, likevel slik at følgjande tilbod kan halde ope:
1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil ti personar med arrangør.
2. Individuell trening og behandling som krev timeavtale.
 
b) Suldal bad, likevel slik at følgjande tilbod kan halda ope:
1. Skulesymjing
2. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil ti personar med arrangør.
3. Anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er del av behandlinga.
c. Museum
e. Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
f. Offentlege stader og verksemder der det går føre seg organisert kultur- idretts- og fritidsaktivitetar kan berre halde ope for barn og unge under 20 år.
Trus- og livssynshus kan halda ope med dei avgrensingar som følgjer av forskrifta § 4. 
 
§ 4 Tal på personar som kan vera til stades på arrangement
Arrangement og private samankomstar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale kan gjennomførast innandørs med inntil 10 personar. Private samankomstar utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar. Arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 50 personar. 
 
Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.
 
For paragrafane §3 og §4 gjeld føresetnad om at ein kan overhalda avstandsreglane som gjeld til eikvar tid. 
 
§ 5 Skjenkestopp
Serveringsstader som har skjenkeløyve etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkeløyvet.
 
§ 6 Stans av idretts- og fritidsaktivitetar
Det er ikkje tillate å organisera idrettsaktivitetar innandørs for vaksne over 20 år. Det same gjeld for fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater. Stemne, kampar og turneringar er ikkje tillate. Barn og unge under 20 år kan delta på organisert fritidsaktivitet. 
 
§ 7 Ansvar
Suldal kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følga av pålagte tiltak etter denne forskrifta.
 
§ 8 Straff
Forsetteleg eller grovt aktlaust brot på føresegner i denne forskrifta eller vedtak gitt med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov av 5. august 1995 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 8-1.
 
§ 9 Ikraftsetting og varigheit
Forskrifta trer i kraft 24. mars 2021 og gjeld til og med 6. april 2021.