Alle i aldersgruppa 65 - 74 vil bli kontakta, anten via sms eller telefon, når timen for vaksinering nærmar seg. Avhengig av vaksinetilgangen kan det vere fleire veker fram i tid.
Vaksinering med AztraZeneca-vaksina
I veke 9 fekk Suldal første leveranse av AstraZeneca-vaksina. Denne vaksinetypen vart i veke 9 og 10 brukt på helsepersonell i Suldal.
11. mars vart det kjent at det nasjonalt blir ei mellombels stans i vaksineringa med AstraZeneca-vaksina.
Har du fått innkalling til vaksinering, men er blitt sjuk? Andre spørsmål om vaksina?
Ikkje ring legekontoret - Ring koronatelefonen, 906 99 226 i legekontoret si opningstid.
Prioritering
Me følgjer den nasjonale prioriteringsrekkefølga:
Bebuarar i sjukeheim (Ferdig)
Alder 85 år eller eldre (Ferdig)
Alder 75 til 84 år (Ferdig)
- Alder 65 til 74 år og einskilde personer 18-64 år med særleg høg risiko (I gong)
- Alder 55–64 år med underliggande sjukdom/ tilstand
- Alder 45–54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
- Alder 18–44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
- Generell befolkning 18-64 år.
Helsepersonell har blitt vaksinert parallelt med risikogruppene.
Koronavaksina - praktisk informasjon
Vaksinen er gratis og all vaksinasjon i Norge er frivillig. I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle. Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksiner og dei første vaksinene me får, består av 2 dosar. Du vil få to avtalar for vaksinering, med nokre vekers intervall, avhengig av vaksina.
Førebuingar til vaksinasjon
- Vaksina blir sett i overarmen. Tilpass påkledning etter dette.
- Du må setja av litt ekstra tid, for du må venta i 30 minutt etter at vaksina er sett. Det vil vere helsefagleg personell tilgjengeleg i venteareala dersom du treng bistand.
- Vaksinering skal utsettast ved akutt infeksjonssykdom med feber over 38 grader.
Er du sjuk på vaksinasjonsdagen, ring umiddelbart til koronatelefonen: 906 99 226.
FHI sin rettleiar "koronavaksina på 1-2-3" kan du lese her.
Når kan eg få vaksine?
Me skal tilby koronavaksinasjon til alle innbyggarane i Suldal. Vårt mål er at personar som blir tilrådd vaksinasjon, vel å ta vaksina.
Alle som får tilbod om vaksine, får informasjon om når det er sin tur. Me veit ikkje kor mange vaksiner me får framover, så me kan ikkje seie akkurat når det blir din tur. Det er fint om du ser at det er oppdatert kontaktinformasjon som ligg inne på norge.no, så vil du bli kontakta når det er din tur.
Har me rett kontaktinformasjon?
For å lettare komma i kontakt med deg, ber me om at du oppdaterer kontaktinformasjon som ligg inne på norge.no. Legg inn mobiltelefonnummer og ei e-postadresse i dette kontaktregisteret: https://norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. Få hjelp til dette, om du har behov for det. Har du ikkje eigen mobil eller e-postadresse, kan du nytta kontaktinformasjonen til ein pårørande.