Rådgjevande eining for russaker

Rådgjevande eining for russaker

Rådgjevande eining for russaker tar i mot deg som er tatt for å bruka eller oppbevara narkotika, og er blitt pålagt obligatorisk rettleiing av kommunen som ein strafferettsleg reaksjon.

Kven kan få råd og rettleiing?

Dersom du er tatt for bruk eller oppbevaring av narkotika kan du bli pålagt obligatorisk rådgjeving hos oss.  

Kva inneheld rådgjevinga?

Me gir råd, informasjon og rettleiing om risiko og helsefare ved bruk av rusmidlar. 

Det er avdeling for psykisk helse som gir deg rettleiing, men me inviterer også inn andre aktuelle fagpersonar ved behov som til dømes lege, politikontakt eller andre. 

Dersom det også er sett vilkår for rustesting er det legekontoret som utfører det. 

Kva skjer om eg ikkje møter?

Dersom du ikkje møter, og/eller har positiv test ved ruskontroll - skal me melda dette vidare til påtalemynde. Påtalemynde avgjer då kva konsekvensar dette får. 

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60