Legekontor

Legekontor

Korleis bestilla time?

For å unngå ventetid på telefon oppfordrar me pasientar om å nytta SMS til:

  • Bestilling av reseptar
  • Ønske om legetime
  • Ved spørsmål om svar frå undersøkelsar

SMS må ikkje nyttast ved behov for akutt helsehjelp.

Start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097.

Når sms er sendt får du ei stadfesting på SMS. SMS-meldingane til legekontoret vert lest før alminnelig opningstid og i løpet av dagen. Endelig svar vert sendt så fort me får ekspedert svaret. 

Når du treng hjelp - kven skal du ringja?

Opningstid 

Dersom telefon og ekspedisjon på legekontoret er stengt, ring legevakt tlf 116117.

Opningstid legekontoret
Dag Ekspedisjon Ekspedisjon Telefon Telefon
Måndag kl 08.15 - 12.00 kl 12.30 - 15.30 kl 08.15 - 10.30 kl 12.30 - 14.30
Tysdag kl 09.00 - 12.00 kl 12.30 - 15.30 kl 09.00 - 10.30 kl 12.30 - 14.30
Onsdag kl 08.15 - 12.00 kl 12.30 - 15.30 kl 08.15 - 10.30 kl 12.30 - 14.30
Torsdag kl 09.00 - 12.00 kl 12.30 - 15.30 kl 09.00 - 10.30 kl 12.30 - 14.30
Fredag kl 08.15 - 12.00 kl 12.30 - 15.30 kl 08.15 - 10.30 kl 12.30 - 14.30

Kven har rett til fastlege?

Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege. Formålet med fastlegeordninga er å betre kvaliteten i allmenntenesta ved at alle som ønskjer det skal kunne få ein allmennlege å halda seg til. Du kan byte fastlege her.

Reseptar

Reseptar bør fornyast hjå lege. Faste medisinar kan fornyast ved bruk av SMS(sjå punkt over), bestille her eller ved å ringja til legekontoret. Reseptar vert klargjort i løpet av 2-3 virkedagar og medisinar kan hentast på apoteket. Me tilrår at pasientar tar kontakt i god tid etter den siste reseptekspederinga på apoteket.

Legevakt

Alle som oppheld seg i Noreg har rett å augeblikkeleg helsehjelp og kommunane i har ein legevaktordning for augeblikkeleg helsehjelp heile døgeret. Ring 116117 for å komma i kontakt med legevaktsentralen i det området du er i. Legevakta i Suldal er lokalisert i same lokale som legekontoret, men med ein annan inngang. Inngangen til legevakta er til høgre og rundt hjørnet for hovudinngangen. Legevakta er ubetent, og ein må alltid ringe først.

Betaling

Legekontoret har betalingsautomat. Om ein ikkje betalar direkte etter timen vert det sendt faktura via SMS eller faktura pr post. Det tilfallar fakturagebyr à kr.59,-. 

Her finn du prisliste for legetenestane.  (PDF, 143 kB)

Lenkjer

Pasient- og brukarrettighetsloven

Pasientskadeloven

 

Legekontor
Telefon 52 79 23 00

Adresse

Helsetunet

Eidsvegen 3

4230 Sand