JordmorLytt til tekstenStopp avspillingJordmortenesta er ein obligatorisk del av kommunehelsetenesta, og samarbeider blant anna med lege, fysioterapeut og helsesjukepleiar. I samarbeid med Sauda og Helse Fonna har Suldal kommune følgjeteneste for fødande til fødeavdelinga ved Haugesund sjukehus. Publisert 19.04.2018 09.41 Sist endra 04.01.2023 12.22 Svangerskapskontrollar Jordmor og lege ved Helsetunet på Sand samarbeidar om svangerskapskontrollane. Første kontroll er ca i 8-12 svangerskapsveke, eller før ved behov/ønske. Svangerskapskontrollane er gratis. Me samarbeidar med gynekologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus i risikosvangerskap. På første kontroll vil du få tilbod om ultralydundersøkelse og me henviser deg for time til sjukehuset. Du får vanlegvis time mellom 17-19 svangerskapsveke. Jordmorvakt Ved å ringja legevaktsentralen 116117 får du tak i jordmor eller lege som har vakt. Når du skal føde kan du få tilbod om ambulanse eller jordmorfølgje til sjukehuset. Nokre reiser med privat transport. Dette vurderes individuelt. Du vert utskrevet frå barselavdelinga etter ca. 3 dagar. Det er mulighet for barselkvinner og familie for overnatting på eit familierom på sjukehuset. Ved normal fødsel kan du flytta til familierom etter 4 timar. Heimebesøk Når du er komen heim frå sjukehuset, tar helsestasjonen kontakt med deg og avtalar tid for heimebesøk. Du kan ta kontakt med oss når du kjem heim dersom du ønsker tidleg heimebesøk. Etterkontroll 6-8 veker etter fødselen har du tilbod om etterkontroll hjå jordmor eller lege. Du må ha med urinprøve på etterkontrollen.