Omsorgsløn

Omsorgsløn

Omsorgsløn er ei ordning til personar som har særlig tyngande omsorgsarbeid og som utfører oppgåver som elles måtte vore utført av kommunen. Omsorgsløn skal gjer det mulig for private omsorgspersonar å opprettholda omsorgsarbeidet for sine næraste.

Kven kan få omsorgsløn?

Omsorgsmottakar må ha fysiske, psykiske eller sosiale grunnar som gjer at dei har bistandsbehov frå privatpersonar. Omsorgsløn vurderast opp i mot andre tenester som kommunen kan tilby. Føresetnadar og vilkår må vera oppfylt før vedtak om omsorgsløn vert fatta, for meir informasjon kan du ta kontakt med bestilltarkontoret.

Søknad

Du kan søkje om å få omsorgsløn med bakgrunn av sjukdom, skade, nedsett funksjonsevne eller liding. Ta kontakt med bestillarkontoret eller søk ved å bruka skjema som du finn her.

 

Lenkje

Helsenorge om omsorgsstønad

Klage

Viss du ikkje er fornøyd med vedtaket du har fått kan du klage. Send klagen til kommunen. Viss du treng hjelp kan sakshandsamar rettleia deg.

Lovar og reglar

Helse- og omsorgstenestelova

Pasient- og brukarrettighetslova

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60