Hukommelsesteam

Hukommelsesteam

Kort fortalt

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod som kan hjelpa deg eller dine pårørande ved spørsmål eller mistanke om demens. 

   

Om teamet

Teamet består av ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar. Me samarbeider med fastlegar, heimesjukepleie, fysio-/ergoterapeut og anna helsepersonell.

Kva kan me hjelpa med?
  • Å kartlegga kognitiv funksjon og åtferd
  • Å kartlegga behov i heimen, daglege gjeremål og tryggleik
  • Rettleia og støtta pårørande
  • Vera eit bindeledd mellom personar med demenssjukdom og deira pårørande, og hjelpeapparatet
  • Heimebesøk
  • Pårørandegrupper og samtalar
  • Rettleia om korleis ein kan legga til rette for ein god kvardag
  • Rettleia ved søknad om hjelpemiddel
Kven kan få hjelp av oss?

Me gir hjelp til personar der ein mistenker kognitiv svikt og demenssjukdom, og deira pårørande.

Kva kan du forventa av oss?

Me gir tenestar ut frå faglege vurderingar i samarbeid med brukaren og pårørande. Du skal bli møtt med respekt. Me arbeider tverrfagleg og har teieplikt. 

Kva forventar me av deg?

Me ønskjer at du er open og viser oss tillit. Me ønskjer også at du samarbeider med oss om kartlegginga. 

Korleis ta kontakt med oss?

Du kan ta kontakt med oss direkte, og treng ikkje tilvising frå lege. 

Du kan ringa oss på telefonnummer 47601169

Nettkurs for pårørande

Målgruppe

Pårørande til personar med demens. Andre med interesse for temaet kan også ha utbyte av kurset.

 

Etter å ha gjennomgått kurset skal du ha fått informasjon om:

  • Kva demens er
  • Pårøranderolla
  • Rettar og tilbod til pårørande
  • Åtferdsmessige og psykologiske symptomar med demens
  • Kvardagslivet
  • Råd som kan vera nyttige for deg som pårørande

 

Start kurset her

Hukommelsesteamet
E-post
Telefon 47 60 11 69

Opningstid

Opningstider Hukommelsesteamet
Dag Kl.
Tysdag 08.00-15.00
Onsdag 08.00-15.00
Fredag 08.00-15.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 Sand