Førebyggande heimebesøk

Førebyggande heimebesøk

Me ynskjer å legga til rette for at eldre kan bli buande i sin eigen heim så lenge som mogleg. Hensikta med tilbodet er å bidra til at alle over 77 år som bur heime skal føla seg trygge, oppleva livskvalitet og behalde god helse lengst mogleg.

Kva tilbyr me?

Heimebesøket vert gjennomført av fysioterapeut eller sjukepleiar. Me tilbyr ein samtale heime hjå deg der me samtalar om tema som har betydning for ditt kvardagsliv og helse. I samtalen kan du sjølv vere med på å bestemma kva som er viktig for deg å snakka om. Det kan dømesvis vere aktuelle helsespørsmål, ulykkesførebygging, brannførebygging, fysisk- og sosial aktivitet, ernæring, bustadshøve eller utfordringar i det daglege. Me vil også gi informasjon om kommunale- og frivillige tenester og tilbod som finns i din nærleik.

Kven kan få tilbod om tenesta?

Alle innbyggjarar som fyller 77 år i løpet av kalenderåret og alle innbyggjarar over 77 år som ikkje har kommunal helsehjelp i heimen (du får tilbod sjølv om du har praktisk bistand og tryggleiksalarm) kan få tilbod om førebyggande heimebesøk.

Korleis få tilbod?

Tilbodet er frivillig. Dersom du fyller 77 år i løpet av året vil du få tilbod frå kommunen om heimebesøk per brev. Innbyggjarar over 77 år kan også få førebyggande heimebesøk dersom dei sjølv tek kontakt med kvardagsrehabiliteringsteamet.

Kva kostar det?

Førebyggande heimebesøk er gratis.

Kva skjer vidare?

Dersom du fyller 77 år i løpet av året, vil du få tilbod per brev. Etter du har motteke brevet vil me ringa deg for å stadfesta om du ønskjer å ta i mot besøk eller ikkje, og eventuelt då avtala nærare dato og tidspunkt. 

Dersom du er over 77 år og har kontakta oss for tilbod om førebyggande heimebesøk vil du få forslag om dato og tidspunkt som du stadfestar at passar for deg. Ved besøket får du ei informasjonsmappe med kontaktinformasjonar til kommunen, samt litt kortfatta informasjon om utvalde tema.  Opplysningar frå besøket vil bli dokumentert i Suldal kommune sitt elektriske journalsystem. Me er underlagt teieplikt etter forvaltningslova.

 

 

Kvardagsrehabilitering
Telefon 90 02 90 37
Eivor Fugelsøy
Fysioterapeut
E-post
Kjellaug Marie H Vassbø
-
E-post
Telefon 40 43 52 13
Mobil 40 43 52 13

Opningstid

Mån-fre: kl. 08.00 - 15.00

 

Telefon

Kvardagsrehabilitering: tysdag-fredag kl. 08.00-15.00. Dersom du ikkje får svar, ringer me deg opp igjen. 

Kjellaug Marie H. Vassbø: Måndag kl. 08.00-15.00

Adresse

Suldal kommune

v/ fysioterapiavdelinga

Eidsvegen 3

4230 Sand