Kva tilbyr me?
Ergoterapeutane jobbar for at folk kan bu heime lengst mogleg og i størst mogleg grad utføre kvardagsaktivitetar sjølv. Me gjer kartlegging i heimen og formidlar naudsynte hjelpemiddel og rettleier i forhold til eventuell ombygging av bustad. Me formidlar hjelpemiddel innan bevegelse, for syn- og hørselstap og kognitive hjelpemiddel.
Kven kan få tilbod om tenesta?
Innbyggjarar med behov for desse tenestane
Korleis få tilbod?
Både pårørande, innbyggjaren sjølv og helsepersonell kan ta kontakt med bestillarkontoret eller fysio/ergotenesta. Det er ikkje noko søknadsskjema. Det er ikkje behov for henvisning.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kva skjer vidare?
Ergoterapeuten tek kontakt for avtale.
Lovar og reglar
Lov om helsepersonell
Lov om pasientrettigheter
Lov om kommunal helse- og omsorgstenester m.m
Publisert av Elise Nedrejord
Publisert 19.04.2018 09.31