Barne- og familieteamet er eit lågterskel-tilbod til barn, ungdom og føresette som har utfordringar på ulike område i livet og som treng anna hjelp enn det helsestasjonen har tilbod om.
Teamet arbeidar etter lov om helse- og omsorgstenester i kommunen og har teieplikt. Me har tilbod om samtale i lokala våre på Bjødnateigen på Sand, i heimen til familien eller på skule/barnehage. I ein vanskeleg situasjon kan samtale førebyggja vanskar seinare i livet..
Kva tilbyr me?
• Råd og rettleiing til foreldre
• Familiesamtalar
• Samtalar med barn og unge
• Samarbeid med andre aktuelle tenester eller hjelp til å koma i kontakt med andre tenester
• Kurs i foreldrerettleiing
Kva kan ein ta kontakt om?
• Uro for barn og ungdom si psykiske helse, utvikling og trivsel
• Vanskar med konfliktar, samspel og utfordringar i foreldrerolla
• Belastande og alvorlege hendingar i familien
Kven kan få hjelp?
• Barn, ungdom og føresette
• Gravide og spedbarnsforeldre
• Barn og ungdom kan få hjelp som pårørande
• Er du over 16 år kan du ta direkte kontakt utan samtykke frå foreldra dine
Kva kostar det?
Tenestane frå Barne- og familieteamet er gratis.
Spørsmål og kontaktskjema
Barne- og familieteamet er eit lågterkseltilbod der ein ikkje treng henvising frå lege. Dersom du har spørsmål om tenesta kan du kontakta fagleiar Gro Helland.
Du kan sjølv ta kontakt via kontaktskjema.
Samarbeidspartnarar som skule, barnehage, helsestasjon eller andre kan òg ta kontakt på vegne av familie/ungdom.
Sist endra 12.01.2023 19.04